Ordførar Hege Eide Vik både helsar til dei unge, og kjem med ei oppmoding. (Arkivfoto) Foto: Marit Hommedal

Ei helsing til deg som har heimeskule

Ordførar Hege Eide Vik skriv i dette innlegget til elevar som no har heimeskule. Ho takkar for at elevane bidreg til redusert smittespreiing, og oppmodar unge om å følgja råda om å ikkje vera for mange samla:

Til deg som har heimeskule

Nett no er eg glad og takknemleg for at du er heime og bidrar til at me får redusert smittespreiinga av Koronavirus. Du gjer ein viktig jobb for alle som ikkje toler å bli sjuke, og du gjer ein viktig innsats for sjukehusa våre.

Dersom me får bremsa smittespreiinga no, er det større sjanse for at me kan ha plass til alle som etter kvart treng å vera på sjukehus.

Ikkje ver for tett på andre

Eg veit det er kjedeleg for mange å vera heime. Ein har lyst til å vera med venner, kjærasten, kanskje nokon saknar dei vaksne på skulen.

Takk for at du likevel føl beskjedane som kjem frå myndigheitene, frå skulen og frå foreldra dine om at du skal halde deg i ro og ikkje vere for tett på andre. Ein kan vere saman nokre få om gongen, då er det likevel viktig å hugse på å halde god avstand frå kvarandre, det vil seie meir enn ein meter.

Vanskeleg

Me veit at for nokon er det ikkje berre kjedeleg å vera heime, det er også vanskeleg. Dersom du har det vanskeleg heime, ta kontakt med ein vaksen du stolar på eller ring 116 111, alarmtelefonen for barn og unge. De kan nå Dale helsestasjon på Instagram/Facebook, Skulehelsesysto på Snapchat og på telefon og e-post.

De som er unge og friske toler godt å bli smitta av Koronavirus, og treng ikkje bekymre dykk for det. Når alle er med og hjelper til, så beskyttar me dei eldre og sjuke i Norge og faktisk i verda. Det er litt stort å tenkje på, men dette er verkeleg å gjera ein innsats for andre.

Kontakt nokon som treng det

Og viktigast av alt: Ring ein venn, bruk Facetime, Skype, Snapchat, videosamtale, ver saman på andre måtar. Om eg kan få be om ein siste ting: Ta kontakt med ein elev i klassen eller på skulen som du tenkjer kanskje treng det ekstra no.

Me kan framleis visa omsorg og ta vare på kvarandre, me må berre gjera det på litt andre måtar.

Eg trur på deg! Dette får me til saman.

Med vennleg helsing

Artikkelen held fram under annonsen.

Hege Eide Vik

Ordførar