Nye Dale barne- og ungdomsskule vil gje Vaksdal kommune eit løft.

Ein heilt ny skulekvardag

LEIAR: Det er no berre eit halvt skuleår igjen til nye Dale barne- og ungdomsskule skal takast i bruk.

Skulebygget har etter først ein støv- og støyrik rivingsprosess, og vidare ein hektisk byggjefase, reist seg. No er også mesteparten av arbeidet innomhus gjort, i stor grad er berre finpussen som står att.

30. april overleverer hovudentreprenør Consto bygget til Vaksdal kommune, og det er eit imponerande bygg kommunen får i hendene.

For nye Dale barne- og ungdomsskule vil plassera Vaksdal kommune heilt i front når det gjeld skulebygg. Det vert sagt at då Dale skule stod ferdig på 1930-talet, så var det ein av landets flottaste skular. Det vert så visst også den nye skule som står klar til bruk i august 2020. Etter ein omvisingsrunde vågar me påstanden om at den nye skulen på Dale må vera av det aller fremste ein kan finna i landet.

Les også
Blir med inn på nyeskulen

Lange gangar og nedslitne rom med krittavler er no historie. Tilbake får ein innbydande og lyse lokale, med teknologi og nymotens løysingar.

Skulen er bygt etter retningslinjene i den nye læreplanen som vert teken i bruk til hausten. No skal skuledagen bera preg av mindre klassisk undervisning der læraren føreles framfor klassen. Ein skal samarbeida meir, utforska og stilla spørsmål. Kreativiteten skal fremjast, dagens elevar skal finna løysingar for framtida.

Skulen på Dale er designa for å gjera nettopp dette, og den er spekka med nymotens læringsmidlar. Det er investert fleire millionar i dataskjermar og teknologi, som vil plassera Vaksdal kommune heilt fremst i landet når det kjem til undervisningsmoglegheiter.

Den nye skulen bør ein bruka for alt den er verd. Skal ein snu folketalsnedgangen, så er barnefamiliar nøkkelen til suksess. Og skal ein imponera småbarnsforeldre, og gje dei lyst til å busetja seg i ein kommune, så er ein flott og framtidsretta skule ein godt salsargument.

Noko av det første potensielle familiar som vurderer å flytta til Vaksdal kommune bør visast, er den nye skulen på Dale. Der vil dei bli både imponerte og få lyst til å senda sine unge.

Også Vaksdal skule vert etter ein byggjeperiode på eit par år ny. Me reknar med at også her vil skulen kunna gje ein ny giv.

Leitar ein etter noko positivt i 2020 og åra framover, så kan skule vera eit stikkord.