Jan Per Styve skriv Skråblikk for VaksdalPosten.

I morgon er det ein heilt ny dag — då er alt mogeleg

SKRÅBLIKK: Har denne dagen vore kjedeleg? Kanskje vart den nett som i går — ingenting spanande skjedde. Om nokon i kveld spør deg kva du fekk ut av dagen, så veit du ikkje heilt kva du skal svare.

Men i morgon er det ein ny dag. Då kan alt skje. Alt er mogeleg. Du veit ingenting om det nett no, men du kan gjerne byrja å gle deg. Noko kjem til å skje. Noko anna enn i dag.

Noko kjem til å skje fordi du vil det, fordi du gjer noko. Andre ting kjem til å skje utan at du styrer det. Ingen dag er tom for opplevingar — det gjeld berre å sanse, oppleve og tenkje over det som hender. Og du må lære å gle deg over alt du opplever i løpet av ein vanleg dag.

Du kjem til å møte andre menneske. Du bestemmer kva du får ut av slike møte. Og du påverkar kva dei du treff opplever i møtet med deg. Syt for at det er noko kjekt.

Gle deg over den nye dagen. Du kan ta på deg heilt reine sokkar. Prøv eit nytt pålegg på frukostskjeva di. Tenk over at straumen som kokar kaffien din er heilt ny. Ingen har brukt den før.

Ver klar til å smilande ta imot ho som overraskande ringjer på døra. Alt er mogeleg — det kan hende at det er ho som du lenge har gledd deg til å få møte igjen.

Alt kan skje på ein ny og ubrukt dag. Opne sansane dine og ta imot dagen. Den kan umogeleg bli heilt lik tidlegare dagar. Endåtil vêret er nytt. Det er ikkje dei same regndropane som i går, og vinden ber med seg heilt ny luft.

Og kona du vaknar opp med er ikkje heilt den same som du sovna med. Ho har endra seg litt frå i går.

Tenk over kva du kan gjere for å forme den nye dagen og verkeleg oppleve det som hender. Tenk berre på kva som kan skje om du gå tur ein heilt annan veg enn der du alltid går.

Alt kan skje på ein ny dag. Det skjer heilt sikkert noko du kan le av. Om kvelden kan du gle deg over alt som hendte. Og kanskje du også gler deg over det som ikkje hendte.

janperstyve@gmail.com