Ane Faugstad Aarø peikar på dei historiske verdiane ved Jebsahuset på Dale. Foto: Egil Blomsø

Jebsahuset i eit nasjonalt perspektiv

LESARINNLEGG: Som deltakarar på eit seminar i UNESCO skule som handla om å undervise i berekraftig utvikling fekk vi nokre interessante nye perspektiv på industriarven i Norge.

Staden var Verdsarvstaden Rjukan. I samband med seminaret vart vi vist Rjukan og byens industrihistorie, samt Notodden og den rolle som Hydro spelte der. Seinare er Yara hovudaktør. Bygningar og anlegg er bevarte slik at vi for ettertida kan sjå kva som har skjedd historisk på staden. Staden er no ein ettertrakta historisk turiststad og er brukt som historieformidling til skuleelevar.

Arbeidarbustadane og arbeidarane sitt samfunnshus er bevarte og har eit liv etter denne historia som eit vitnesbyrd om vår nære historie, blant anna formidlinga av kva som skjedde på denne tida då kravet frå arbeidarane om 8-timarsdag vart framført i 1918. Kravet vart innfridd i 1919 og har hundreårsjubileum i år. Det er internasjonalt og viktig stoff som har med ILO å gjere, International Labour Organisation.

https://www.visitrjukan.com/tema/rjukan-notodden-industriarv-unesco

Når eg ser Rjukan og Unesco verdsarven der, slår det meg at Dale har ein nær sagt identisk historie, med fabrikketablering i 1879 og ein liten by som blir bygd opp som «company town» og som var bygd opp heilt omkring fabrikken og den næringa som fabrikken og BKK representerte, der vasskraftutbygginga og tekstilvarefabrikken medførte husbygging og landskapsplanlegging til arbeidarar og engelske ingeniørar. Jernbana kom i 1883. Arbeidarbustadar og andre hus er rivne allereie.

UNESCO meiner at det er noko å ta vare på. Dette er kulturarven vår som er vår nære historie. I Vaksdal kommune er det heilt usikkert om bygningar slik som Messa, eller Jebsahuset som det var opphavleg kalla sidan det vart oppført som direktørbustad for Konsul Peter Jebsen, kan bli bevart. Den står nå til nedfalls. Det vert ikkje tatt omsyn til historie slik som ein kunne forvente. BKK sin bygning Lysverket vart rive for nokre år sidan, med Mohns midlar, for å lage idrettshall/fleirbrukshall. Historia forsvinn fort.

Eg meiner at Jebsahuset på Dale er verneverdig og at det er grunnlag for å drive undervising og formidling om industrihistoria på Dale, med omvisingar og bruk av huset og bygningane i samband med BKK og Dale Fabrikker, bomullsindustrien som vart borte. Skular kan ha dette som ein studie i «stadspedagogikk», der ein nettopp ved å arbeide med det lokale, regionale, kan danne seg eit forhold til heimstaden, historia og kulturen. Elevar kan danne seg ein meiningsfull, historisk identitet knytt til staden. (Inger Birkeland 2018, 2014)

Vern av historiske bygningar kan og bør sendast til Fylkeskonservator, etter ei vurdering i kommunen først, dersom det er bygningar som er vurdert å ha høg verneverdi og har «kulturhistorisk interesse ut over lokal verdi.» (Hordaland.no. Kulturminnevern og museum.) Den industriarven som finst på Dale er nettopp av nasjonal og internasjonal tyding, som eksempel på ein «company town» bygd opp rundt vasskraft og tidleg industri på 1800-talet. Det finst eksempel på «rivingsanger», men sjeldan at ein angrar på å la historiske bygg stå, ifølgje Riksantikvar Hanna Geiran i NRK «Torp» 20.11.19.

Ane Faugstad Aarø