K5 (E16 og Vossebane) med sammenhengjande utbygging Arna–Stanghelle og Stanghelle–Voss
LESARINNLEGG: Ordførarar Hege Eide Vik og varaordførar Kjartan Haugsnes (SV) og ei rekkje kollegaer meiner at dersom regjeringa berre vil prioritera eitt stort prosjekt i Vestland fylke, så må det bli K5 Arna-Stanghelle-Voss.
Fylkesutvalet i Vestland fatta den 30. april eit viktig vedtak. På oppdrag frå samferdsledepartementet er fylka bedne om å prioritera samferdsleprosjekt i sine fylke, og i Vestland landa fylkesutvalet på K5 (E16 og Vossebanen) med samanhengjande utbygging Arna–Stanghelle og Stanghelle–Voss som prioritet nr 1, det viktigaste prosjektet.
Me er svært glade for dette viktige vedtaket og me ber om at de står fast på dette når saka skal opp til handsaming i fylkestinget den 12. mai.
Når fylkesutvalet har gjort denne prioriteringa, er det sjølvsagt på bakgrunn av den situasjonen som er på E16 og Bergensbanen mellom Voss og Arna.
Fagetatane for veg og bane har uttalt at her er det berre ei løysing for å gjera strekninga trygg og framtidsretta, det må byggjast nytt. Gjennom det kan me oppnå målet med prosjektet, nemleg trygg samferdsel i vårt fylket.
Men, ikkje nok med det, det er ein veg- og banestrekning som er viktig for reisande i heile landet. Desse og dei andre argumenta for dette prosjektet som handlar om alle dødsulukkene, rasfaren, stengingane osv, har de fylkespolitikarar sett.
Då ser de det same som dei fleste andre, nemleg at stoda på E16 og Bergensbanen mellom Voss og Arna ikkje er haldbar. Difor må K5 prioriterast!
Så vår oppmoding er å halda fast på prioriteringa. Nemleg K5 (E16 og Vossebanen) med samanhengande utbygging Arna–Stanghelle og Stanghelle–Voss. Den prioriteringa vil seia:
¤ 1. Oppstart av utbygging Arna-Stanghelle seinast i 2022
¤ 2. Umiddelbar start på planlegging av Stanghelle-Voss
¤ 3. Kontinuerleg utbygging Arna-Stanghelle og Stanghelle-Voss
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er avgjerande for oss at K5; Bergen- Voss er udiskutabelt prioritet nr. 1 frå Vestland fylke, slik at dersom det skulle visa seg at regjeringa berre vil prioritera eitt stort prosjekt i Vestland fylke, så blir det K5 som skal prioriterast.
Helsing
Hege Eide Vik (Sp) ordførar Vaksdal
Hans-Erik Ringkjøb (Ap), ordførar Voss
Lars Fjeldstad (Sp) ordførar Osterøy
Hans Petter Thorbjørnsen (Ap) ordførar Ulvik
Trygve Skjerdal (Sp) ordførar Aurland
Anders Vatle, ordførar (Sp) Eidfjord
Roy Stadheim, ordførar (Ap) Vik
Kjartan Haugsnes (SV), varaordførar Vaksdal
Artikkelen held fram under annonsen.
Sigbjørn Hauge (Sp), varaordførar Voss
Jens Olav Holven (SP) varaordførar Ulvik
David Underdal (MdG) varaordførar Aurland
Aslak Lægreid (H) varaordførar, Eidfjord
Marta Sofie Vange (H) varaordførar, Vik