Nokon er glad i deg, ver varsam i trafikken, er bodskapen på murveggen ved heradshuset.

Kjære ungdommane våre!

LEIAR: Denne leiaren går til våre unge bilførarar. Til ungdom som køyrer moped og lett motorsykkel. Til unge som sit i baksetet, til ungdom som set seg bakpå ein tohjuling. Denne teksten er retta direkte til dykk som er framtida til kommunen vår, og som me ser fram til skal veksa fram til å bli flotte vaksne og bera Vaksdal kommune inn i framtida.

Denne sommaren har det ved fleire høve vore like før me har mista dykk. Like før tragediar har råka lokalsamfunna våre, har råka småsøsken, vener, foreldre, besteforeldre og alle andre som er glade i dykk.

Skiljet mellom liv og død, lykke og tragedie, kan vera hårfin. Spesielt i trafikken.

Politiet seier ein er uroa for ei utvikling der respekten for trafikkreglar, fart og det å ta sjansar verkar å vera minkande. For når ein tek sjansar i trafikken, kan det få svært alvorlege konsekvensar.

Vaksdal kommune har ei trist historie når det kjem til ungdom og trafikk. De som er unge no må vera med å snu trenden, de må gjera modige og gode val i trafikken. Det vil seia å ikkje ta sjansar der ein balanserer på grensa mellom liv og død. Det er å seia nei når nokon vil køyra fort og gjera farlege ting med bil og motorsykkel.

Våre redningsfolk, anten det er lokale brannmannskap, dei på ambulansen eller i politiet, må sleppa å rykkja ut og finna unge, kjende ansikt i vraka køyretøy. Det kan de hjelpa til med, ved å gjera gode val.

For lenge sidan, så heitte det følgjande i ein kampanje om ungdom og trafikk: «Det er ikkje tøft å vera død».

Det gjeld framleis.

Takk for at de las denne teksten.