Jan Per Styve er spaltist i VaksdalPosten. Foto: VP

Kjøpt nok no?

Butikkane melder om nye rekordar i julehandelen – som om det er noko å skryte av?

Forbruket vårt må ned om vi skal redde kloden vår. Tenk om ein butikk kunne melde om nedgang i omsetnaden, og at dei slik tar klima-ansvar. I staden for utvida opningstider før jul, kunne dei til dømes stenge døra tidlegare på kvelden.

Vi er berre så vidt ferdige med Black Friday og Black Week – før det er søndagsope, nattope og opne dører nesten til midnatt. Og folk handlar. Dagsrevyen melder om rekord i kor ofte vi brukar betalingskorta våre, som om det er ein konkurranse vi må vinne.

Og dei som ikkje rek rundt i butikkane, sit heime og bestiller på nettet. Posten melder om ny rekord i tal pakker som kjem inn frå nettbutikkane, og ber folk hente med ein gong sidan hyllene er overfylte. Men knapt har dei fått ut ei pakke, før neste kunde kjem med to pakker som skal returnerast. Feil storleik, såg ikkje ut som på bilde – eller har ein liknande kjole allereie.

Nettbutikkane tilbyr gratis retur, og legg ofte ved ferdige adresselappar. Då blir det nesten for lettvindt å handle vilt frå sofaen, og så returnere det ein ikkje likar. Det verste er at mange nettbutikkar ikkje bryr seg med å ta vare på returnerte klesplagg. Det kan bli for dyrt å leggje dei fint saman att og få på plass orginalemballasjen. Derfor blir mange av dei returnerte plagga visstnok kasta.

Klesproduksjon er ein av dei store klimasyndarane på verdsbasis - på grunn av produksjon, miljøgifter, energiforbruk og transport. Likevel skal det etter nyttår framleis vere mogleg å handle klede frå utlandet på nettet utan å betale toll, og maksgrensa blir auka til 3000 kroner - medan det for andre varer blir det både toll og moms frå første kroner frå 1.4. i 2020. Er det rart at kloden vår lir?

Nyt jula. Et pinnekjøtet med godt samvit. Men tenk over om de kanskje kan bruke litt mindre pengar i butikkane neste år.

Godt nytt år!

janperstyve@gmail.com