Linda Herfindal Lien valinnspel: N/A Foto: Jani Frotveit

Kunsten å krangle høglydt — 24/7

VALINNSPEL: Når me alle potensielt kan bli digitale pøblar som jagar i flokk, er det ekstremsport å drive med politikk. Dersom politikarane sjølve ikkje er midt i pøbelflokken, då.

På 1990-talet arbeidde eg som journalist i VaksdalPosten, og rapporterte tidvis frå kommunale budsjettmøte. Skotpremien på rev og ramn skapte ofte stort engasjement. Skulle satsane aukast, eller ordninga fjernast? Møta føregjekk vanlegvis måndagar, og tysdag sende me avisa til trykk. Torsdag fekk lesarane vite kva politikarane hadde bestemt. Fekk dei kaffien i halsen, hadde dei god tid til å få adrenalin-nivået ned, og skrive eit lesarinnlegg som kom på trykk veka etter. Då hadde det gått ti dagar sidan vedtaket vart fatta.

Var folk skikkeleg opprørte, kunne politikarane bli oppringde eller stoppa på gata. Men me hadde aldri høyrt om sosiale medium, kunstig intelligens, algoritmar eller netthets.

Dagens politikarar må vere budd på ei responstid på ikkje ti dagar, men ti sekund. Mange ytrar seg i krasse ordelag i sosiale medium, alt før ei sak er ferdig lest.
Linda Herfindal Lien

Responstid på 10 sekund

Dagens politikarar må vere budd på ei responstid på ikkje ti dagar, men ti sekund. Mange ytrar seg i krasse ordelag i sosiale medium, alt før ei sak er ferdig lest. Det erfarte ein norsk komikar då han prøvde seg på eit satirisk innlegg, og foreslo boikott av idrettsarrangement arrangert av forureinande oljenasjonar, som attpåtil underbetaler framandarbeidarar. Sist i artikkelen kom poenget — boikott ski-VM i Noreg! Men då hadde folk for lengst fyrt seg opp, og fyrt av, i ein hissig debatt om fotball-VM i Qatar og inkompetente komikarar.

Algoritmar og attrå

Boka «Ekko — et essay om algoritmar og begjær» handlar nettopp om korleis kunstig intelligens bidreg til at det me les eller likar på nett, får me meir av. Me hamnar i såkalla ekkokammer, der meiningane våre i lita grad blir utfordra, og ekstreme synspunkt heia fram. Me kan potensielt alle bli digitale pøblar som jagar i flokk, og som ikkje gjev oss før ein syndebukk er identifisert, og tatt. Dette er ikkje ein bieffekt av sosiale medium, hevdar forfattaren Lena Lindgren, men sjølve essensen.

Boka teiknar eit dyster bilete av korleis nokre få multinasjonale selskap og enkeltpersonar tener seg styrtrike (og investerer pengar i å forlenge eige liv, helst i det uendelege), mens me andre er opptatt av å hetse, sjikanere, ekskludere og latterleggjere kvarandre, og i ytste konsekvens drive folk til drap eller sjølvdrap.

Då eg las boka i sommar, vart eg motlaus. Men så kom eg over eit innlegg på Facebook av ordføraren på Voss. Her tok han eit godt formulert oppgjer med sambygdingar som fekk andre til å kjenne seg mindre verd. «Voss — bygd for alle» skal ikkje vere tomme ord. Då fekk eg trua igjen, både på politiske leiarar, på sosiale medium og på samfunnet generelt.

Skilnaden på gorillaer og menneske

Skilnaden på eit menneske og ein gorilla er eigentleg ikkje så stor, ifølgje den israelske historikaren Yuval Noah Harari. Men skilnaden på ein flokk menneske og ein flokk gorillaer er desto større. Du får ikkje gorillaer til å spele elleve-mot-elleve på ei fotballbane, demonstrere mot klimaendringar eller starte ein fransk revolusjon. I boka «Sapiens — en kort historie om menneskeheten» hevdar han at det er evna vår til å fortelje historier til kvarandre, til å setje ord på idear og visjonar, som har gjort mennesket dominerande i verda.

Då må me forvente – og krevje! – at leiarane våre er gode rollemodellar, og ikkje snakkar til og om kvarandre på ein slik måte at dei ville fått merknad med seg heim, dersom dei var elevar ved ein ungdomsskule.
Linda Herfindal Lien

Då må me forvente — og krevje! — at leiarane våre er gode rollemodellar, og ikkje snakkar til og om kvarandre på ein slik måte at dei ville fått merknad med seg heim, dersom dei var elevar ved ein ungdomsskule. Det er heilt legitimt å ha ulike syn på korleis samfunnet skal organiserast og kva saker som bør prioriterast. Mange av utfordringane i samfunnet er såkalla umedgjerlege problem, og verken innvandring, oljeproduksjon eller klimakrisa har enkle ja- eller nei-svar. Det er noko heilt anna å vilje skape splid og opna døra for kvardagsmobbing og hatretorikk, som på ingen måte bidreg til å løyse problema, men som tvert om skaper nye.

Gufset frå Kina

Då Noregs statsminister vart ferska i å bryte Korona-lova ho sjølv var med å innføre, kom eg til å tenkje på to opplevingar frå Hongkong: Ei reise med ei innbydande t-bane, der ein reklameplakat skapte ubehag: Er ungdommane ufordragelege, udanna eller har beina på setet? Meld frå — anonymt. Eit liknande oppslag møtte eg seinare under ein drosjetur: Er drosjesjåføren slesk? Angi vedkommande — anonymt. I Noreg har me det siste året også erfart at det har blitt delt lister i sosiale medium med oversikt over koronasmitta.

Menneske gjer feil, også når dei er i leiarposisjonar. Statsministrar bør jo helst følgje lova, men ønskjer me eit samfunn der me alle har overvakingskameraet klart i lomma, og leitar etter ein sjanse til å setje naboen eller ein politikar i offentleg gapestokk?

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit frekt tilbod

Helse- og omsorgsministeren bad i sommar folk ta seg tid til vaksinering mot koronaviruset. Ei harmlaus oppmoding, og, når alt kjem til alt, eit godt tilbod. Til samanlikning er under ein prosent av folket fullvaksinert i Nigeria og Libya.

Oppmodinga vart delt på Facebook, og flesteparten av dei (minst) åtte hundre som kommenterte gav tydeleg uttrykk for at eit meir frekt ønske skulle ein leite lenge etter. Vente at folk skulle setje av tid til å få seg ei gratis, statleg finansiert vaksine i ein global pandemi, midt i ferien! Ministeren var ein dust. Folk hadde trass alt behov for ferie frå pandemien, også.

Det må du tole — eller må du det?

Kunstnaren Morten Traavik samarbeider med den såkalla Sløseriombodsmannen, som anonymt har posta kritiske innlegg på Facebook om det han oppfattar som offentleg sløsing, inkludert politiske prosjekt og statsstøtta kunstsatsingar. Det har resultert i ei rekkje ufine kommentarar. I ettertid har det blitt trekt fram at dette må folk tole, særleg kunstnarar og politikarar. Ytringane er innanfor lova. Men kva gjer ein slik tone med oss som menneske, som samfunn? Korleis blir handleturen på Vaksdal Senter om folk står og skrik ukvemsord til kvarandre i inngangspartiet? Det er gjerne lov, men er det lurt? Ønskjer me at dei einaste som til slutt ytrar seg, er dei alt prellar av på?

Nyleg googla eg etter svar på kva som er rett oljeblanding i bensin til ein totakts utanbords båtmotor. Eg hamna eg i eit debattforum. Tonen var amper, og personangrepa ufine. Når dei tre svaralternativa «1 prosent», «2 prosent» eller «1,5 prosent» kan skape så mykje harme, korleis skal me då løyse dei komplekse samfunnsutfordringane Jørn Øyrehagen Sunde skildrar så godt i VP sist veke?

I nærmiljøet registrerer eg at fleire har mot til å seie frå når grenser er overskridne. Slik blir overtrampa færre, og rommet for saklege diskusjonar større.
Linda Herfindal Lien

Verda treng visjonære leiarar som er gode med ord — er det deg?

Når verda blir heitare på så mange vis, treng me politiske leiarar med eit tydeleg verdigrunnlag. Leiarar som erkjenner manglande kunnskap og oversikt, som innrømmer feil og er villige til å endre retning når ny innsikt blir tilgjengeleg.

Valet handlar om enkeltsaker, men aller mest om kva verdiar me vil at samfunnet skal vere bygd på, og korleis me vil ha det saman. I Noreg viser jamlege målingar at tillit står sterkt som verdi. Tillit har blitt trekt fram som ein meir verdifullt ressurs for nasjonen, enn olje. For å forvalte ressursen, må politikarane opptre tillitsvekkjande.

Bruk stemma di — i årets val, på sosiale medium og i kvardagen — til å støtte opp om den gode dialogen. Me er eit fellesskap, uavhengig av politisk tilhøyrsle, som også må løyse utfordringar i fellesskap.
Linda Herfindal Lien

Me står også framfor eit språkleg val, fordi ord spreier seg, og bidreg til handling — eller avmakt. Nelson Mandela brukte språket til å føre folk saman, og levde etter eigne verdiar, også når han sjølv var einaste publikum.

I nærmiljøet registrerer eg at fleire har mot til å seie frå når grenser er overskridne. Slik blir overtrampa færre, og rommet for saklege diskusjonar større. Me høyrer ofte at me blir meir globale, og storpolitikk er viktig. Jo, me lever i eit samfunn der alt heng saman med alt. Men kan det vere at det er lokalsamfunnet som er den aller viktigaste brikka i det globale puslespelet? Og at det ikkje er den eine, visjonære, politiske leiaren som skal berge oss frå undergangen, men også dei mange små kvardagsleiarane?

Bruk stemma di — i årets val, på sosiale medium og i kvardagen — til å støtte opp om den gode dialogen. Me er eit fellesskap, uavhengig av politisk tilhøyrsle, som også må løyse utfordringar i fellesskap.

Linda Herfindal Lien er frå Eidsland, og busett på Vaksdal. Ho er seniorrådgjevar ved det nyleg oppretta Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, der ho arbeider med dei norske sentra for framifrå utdanning og program for kunstnarleg utviklingsarbeid. Ho har tidlegare vore førsteamanuensis i visuell kommunikasjon og visedekan for utdanning ved Fakultet for kunst, musikk og design ved Universitet i Bergen.