Tommy Kristiansen og Frida Amundsen sin suksess kan gje næring til at nye talent veks fram frå musikkmiljøet i Vaksdal. Foto: Esben Hesjedal

Musikk til folket

LEIAR: Vintertreffet på Vaksdal feira seg sjølv med ny publikumsrekord.

(Sjå avslutningsnummeret på jubileumskonserten nedst)

Vaksdal Underhaldningslag serverte publikum mellom anna ei jubileumsframsyning som på ein flott måte fekk fram mykje av det som har gledd folk gjennom 20 år med Vintertreff.

Dei driftige arrangørane fortener ros for å gjennom mange år ha gjeve folk konsertopplevingar som er langt større enn det ein kan forventa på ein liten plass som Vaksdal. Me ser fram til 20 nye år med Vintertreff.

Årets arrangement synleggjorde at Vaksdal kommune er nokså unik, storleiken tatt i betraktning, når det gjeld å fostra dyktige musikarar og songarar. Det er nok fleire årsaker til at musikklivet opp gjennom åra har blomstra, men gitarist Tommy Kristiansen som spelar både med Kurt Nilsen og Alan Walker, peika på det viktige med at det kommunen løyver nok pengar til kultur.

Glad for at kommunen for 20 år sidan hadde eit tilbod til å utvikla eit gitartalent som Kristiansen, hadde han grunn vil å vera, den unge vaksdalsguten som var heldig og fekk eit gitarplekter frå gitaristen frå Dalegarden etter konserten. Med stjerne i augo spurde han om det var slik at Tommy hadde brukt plekteret han hadde fått medan han spelte med Alan Walker.

— Ja, eg brukte det då eg spelte med han i Frankrike sist veke, svara Kristiansen.

Det er slik draumar vert fødde.

Sjå avslutningsnummeret på jubileumskonserten under: