Jan Per Styve skriv Skråblikk for VaksdalPOsten.

No kjem visst ikkje ungane heim frå skulen med sjølvlaga askebeger lenger

SKRÅBLIKK: Kunst og handverk, heiter det no når elevane lagar noko på skulen. Sløyd, sa vi før. Men det var berre for gutane. Jentene hadde handarbeid og skulekjøkken. Så medan gutane høvla og spikra hyller og blomsterbord, lærte jentene strikking, sying og matlaging — slik at dei kunne bli dugande husmødre.

Seinare kom også metall og leire som råstoff — og både gutar og jenter fekk utfalde seg som skapande menneske. Det var mange rare produkt dei kom heim med på den tida. Aller mest vart det visst laga askebeger, både i metall og som keramikk. Slikt var enkelt å lage, og var nyttig i mest alle heimar.

No kjem visst ikkje ungane heim frå skulen med sjølvlaga askebeger lenger. Dei veit vel knapt kva eit askebeger er.

Det aller første vi vart sette til å lage på sløyden var blomsterpinne. Eg visste ikkje kva det skulle brukast til — men saga, høvla og pussa etter beste evne til eg hadde ferdig noko som såg ut som det dei kalla blomsterpinne på teikninga. Den vart så tjukk at eg trur ikkje mor mi heller skjøna kva dette var.

Seinare fekk vi friare tøyler til å lage større ting. Magnar, den einaste i klassen som hadde elektrisk gitar, laga seg sjølvsagt gitarkasse. Eg skulle lage meg eit stort skrivebord med skuffer, etter eigne teikningar. Men prosjektet vart i største laget for meg, og alt tyda på at eg ikkje ville få det ferdig innan siste året på folkeskulen.

Sløydlæraren trua med at eg ikkje fekk slutte på skulen før skrivebordet var ferdig. Det plaga meg mykje, og øydela nesten både nattesøvn og matlyst. Men redninga kom den dagen vi var samla til avslutningsfest i gymsalen med foreldre og lærarar.

Midt under festen tok det til å brenne på sløyden. Og heldigvis brann det nok til at det svært uferdige skrivebordet mitt brann delvis opp. Kanskje brannen starta fordi det ikkje var aksebeger i sløydsalen?

janperstyve@gmail.com