Utsikt frå Bogavatnet.

Nyt sommaren i storslått, lokal natur

LEIAR: Ein ny annleis sommar står for døra. Mange planlegg ferie i Noreg, og trur kanskje ein må reisa langt for å få gode ferieopplevingar. Hugs då at Vaksdal og Modalen tilbyr ein natur som ikkje står tilbake for noko anna.

Ein kan håpa og tru at me er inne i siste del av koronapandemien. Men likevel vil nok årets sommar for mange vera den andre på rad utan ferietur til utlandet.

Turist i eige land kan også vera spennande, og mange snakkar om Lofoten og Sørlandet, toppturar, djupe fjordar og flotte fjell. Om nokon skulle vera i tvil — i Vaksdal og Modalen har ein alt ein treng av natur. Våre fjell kan konkurrera med det mange reiser langt for å oppleva.

For utsikta frå til dømes Middagshaugen i Stamnes, Hananipa ved Vaksdal, Storafjellet på Stanghelle, Kvitanosi i Eksingedalen, Slottet i Modalen eller Dystingen mellom Dale og Bergsdalen kan imponera kven det skulle vera. Og fisken bit både i dei mange fine fjellvatna og elvene våre, slik den også gjer det i dei lokale i fjordane.

Det er berre å ta ryggsekken på og gå til fjells. Nesten uansett kva fjell ein vil bestiga så finn ein flott natur, stiar, vatn og ei spektakulær utsikt. Det hadde vore moro å sett ei oversikt over kor mange storslåtte utsiktspunkt ein kan nå på ein time eller så i fjella våre. Det er ikkje få!

Så — kvifor ikkje ta ferien i lokale fjell og fjordar — og inviter gjerne slekt og venner til det eldoradoet me lokalt kan tilby gjester. Dei vil garantert bli imponerte.

Naturen i Vaksdal og Modalen kan konkurrera med kva som helst, kor som helst.

Det er ingen grunn til å stå med turhua i handa og ønskja seg til ein annan stad. Me har det meste — rett utanfor stovedøra.