Ordførar Hege Eide Vik. Foto: Marit Hommedal

Påskehelsing frå ordføraren

LESARINNLEGG: Me nærmar oss påske og påskeferie i ei annleis tid. Skulane og barnehagane har vore stengt i tre veker allereie, og mange tar ferie med andre forventningar enn dei elles ville hatt. Tusen takk til alle born, ungdommar, foreldre og alle tilsette som har gjort ein fantastisk jobb for å få heimeskulen, heimebarnehagen og omsorgstilbodet til å fungere.

Mange skal arbeide i høgtida, og innafor helse og omsorg vert det gjort eit omfattande arbeid for å få dagane til å gå opp samstundes som ein må ta høgde for ulike verknader som kan komme av pandemien. Takk for fleksibilitet, kreativitet og den enorme innsatsen de legg ned i denne tida. Og takk til alle som har meldt seg til teneste og som no gjennomfører nødvendig opplæring. Her passar det også godt å nemne dei dyktige reinhaldarane våre, som gjer eit enormt viktig arbeid for å hindre smittespreiing i dei kommunale bygga.

Mange av bedriftene i kommunen har krevjande dagar, og eg vil oppmoda alle til å handle lokalt og bruke lokale tenester når ein kan. Dette er alltid viktig, men i den situasjonen me er i no er det avgjerande at me støttar lokalt næringsliv og lokale arbeidsplassar.

Når påskesola kikkar fram i år er det heimeferie som gjeld. Me er heldige i Vaksdal som har naturen rett utanfor stovedøra i alle bygdene våre. Bergsdalen og Eksingedalen ligg og ventar med ski- og turterreng slik dei alltid har gjort.

Når dei sosiale treffpunkta uteblir er det viktig å ta ein telefon eller ein videosamtale med venner og familie, og ta gjerne ein ekstra kontakt med nokon som bur åleine. Me må nok skru forventingane litt om, men me skal få det fint likevel.

Takk for at de held dykk i nærleiken. Vær rause med kvarandre. Alt blir bra.

Beste helsing frå

Hege Eide Vik, ordførar