Jan Per Styve skriv Skråblikk i VaksdalPosten.

Snart er det vel ikkje fjell att langs vegane våre

SKRÅBLIKK: Det rasar tidt og ofte langs lokalvegane våre. I Bergsdalen, mellom Dalseid og Dæmring, mellom Straume og Stamnes, mellom Stamnes og Eidsland, mellom Stamnes og Gammersvik og i Eksingedalen. Det er som å vinne i Lotto kvar gong vi slepp unna eit ras.

Ofte tar det lang tid før raset er rydda, geolog har synfart og lause blokker er bolta. Magre offentlege budsjett krympar endå meir for kvar gong slikt må ordnast, og folk og bedrifter får problem med å kome seg fram.

Det rasar så ofte at eg lurar på om det snart ikkje er meir fjell att langs vegane våre. Før eller seinare må jo alt vere komme ned. Er det fjell att då, tru?

Det er ikkje berre i Vaksdal kommune slikt skjer. Heile Vestlandet slit med rasfarlege vegar. Men pengane som blir sett av til å gjere noko med desse er berre småplukk i samferdselsbudsjetta.

I staden blir det satsa på stadig nye gigantprosjekt – som ikkje skal løyse eit eksisterande problem eller behov, men vere framtidsretta og skape nye moglegheiter, som det ofte heiter. Er dette det viktigaste no?

Heldigvis har likevel ny veg og jernbane mellom Arna og Stanghelle kome seg opp på toppen i NTP. Men den kunne lett blitt utkonkurrert av milliardar til visjonsprosjektet Hordfast.

Folk flest bur og ferdast langs dei rasutsette og smale vegane. Dei bur ikkje langs motorvegane. Dei fleste bedriftene på Vestlandet ligg også langs eksisterande smale og rasutsette vegar, og slit med å kome seg fram. Berre høyr med sjåførane i dei store bilane som kvar dag skal tråkle seg ned til Mølla på Vaksdal. Det er mange slike døme.

Tenk om vi kunne ta ein pause frå dei «visjonære» gigantprosjekta eit par år, og bruke pengane på å ruste opp dei vegane vi alt har. Folk flest byggjer ikkje svømmebasseng om taket på huset lek. Då fiksar dei taket først. Slik bør det også vere med vegprosjekta.

Fjella på Vestlandet er ein viktig del av vår identitet. Det er for gale om alle skal rase ned før noko blir gjort.

janperstyve@gmail.com