Det er gjort mykje planleggingsarbeid for K5, som her på Stanghelle. Spørsmålet er om og når dei vert realiserte. Foto: Ill: Statens vegvesen

Sommar med ras og K5-debatt

LEIAR: Sommaren 2020 har vore prega av rasutsette vegar og ein ny runde med K5-debatt.

I Stamnes har ein verkeleg fått kjenna på at smale vegar som ligg under rasutsette fjell og skråningar, er skummelt. Fleire ras på fylkesveg 569 gjennom Stamnes, og eit ras som vil stengja den kommunale Toskedalsvegen i veker framover, minner oss om at det ikkje er risikofritt forflytta seg i kommunen vår.

Å rassikra alt som burde vore sikra langs fv. 569 mellom Dalseid og Eidsland, er umogelege. Men det at store og mindre steinar har komme ned no i sommar, bør vera eit varsel til dei ansvarlege om at dei tek seg ei synfaring langs vegen og ser både om det er kortsiktige tiltak som kan gjerast, og om det er større rassikringsprosjekt som bør flyttast oppover på prioriteringslista.

K5-debatten om ny veg og bane mellom Arna og Stanghelle har blussa opp igjen, då planleggjarane framleis ventar på styringsmål frå Samferdsledepartementet. Utan styringsmål, kan ein ikkje gå vidare med reguleringsplanar, og då lyser det eit blått lys for oppstart i 2022 som tidlegare sagt.

Kampen om å bli prioritert i Nasjonal Transportplan, som stortingspolitikarane skal vedta våren 2021, er knallhard. K5-prosjektet vil krevja ein vesentleg del av pengepotten, og mange set prosjektet opp mot Hordfast. Det er vanskeleg å vera ueinig i at liv og helse (K5), bør komma før ein raskare veg utan ferje (Hordfast).

Det som kan verta resultatet, er at ein leitar vidare etter kostnadsbesparande tiltak i K5. Dette har to klare ulemper: Det eine er at det vil krevja fleire utgreiingar og meir planlegging, noko som igjen vil skyva prosjektet ut i tid.

Det andre er at K5-prosjektet, der hovudpoenget er ny veg og jernbane med felles rømmingstunnelar, vert dårlegare. Kuttar ein ei vegfornying her, eit jernbanestrekk der, ein jernbanestasjon her eller ein tunnel der, så utholar ein heilskapen.

Det kan vera ein forlokkande tanke å ta til takke med mindre for å komma i gang med prosjektet raskt. Det er det all grunn til å åtvara mot.