Leiarartikkel frå VP torsdag. (Illustrasjon)

Tid for å stå saman

LEIAR: I løpet av kort tid vart heile kvardagen vår snudd opp ned. Det som for berre vel ei veke sidan var heilt utenkjeleg, er blitt ein realitet me alle må forholda oss til. Eit smitteutbrot i Asia, som ein kanskje med eit halvt øyre høyrde om i media, er komme tett innpå oss.

Det merkast når statsministeren slår fast at regjeringa vel å setja inn dei strengaste og mest omfattande tiltaka som er gjort i landet vårt i fredstid.

Skular og barnehagar vart stengde sist veke. Aktiviteten på svært mange arbeidsplassar vert lagt ned eller sterkt redusert, folk jobbar heimanfrå for å unngå smitte. Det heile har eit uverkeleg preg over seg.

Folketomt

Ein tur gjennom Gatå på Dale, på ei tid på døgnet då det alltid er folk å sjå, er beviset på den heilt uvanlege tida. Bygdene våre verkar folketomme. Berre dei som skal handla er ute, eller folk som treng frisk luft etter å ha sete lenge inne. Men med beskjeden i bakhovudet, ein skal halda avstand. Minst ein meter. Helst to.

Me er vel alle, sjølv om tiltaka «berre» har vara ei veke, byrja å lengta tilbake til kvardagen. Den vanlege, grå kvardagen som gjerne før var litt kjedeleg. No ville me gitt mykje for å fått kvardagen tilbake, fått liva våre tilbake.

For no ser ein kva dagleglivet vårt består av. Ein prat på kafeen, ei korøving, ei fotballtrening. Eit besøk til slekt og vener. Alt dette sjølvsagde må no setjast på vent.

Vil normaliserast

Samtidig kan ein ikkje la tungsinnet ta over. Det er all grunn til å tru at dette går over, at liva våre skal normaliserast att. Spesielt ikkje overfor born og unge, og vaksne som på ulike måtar slit, bør ein krisemaksimera. Mange vil kjenna på frykt, noko som er naturleg. Men det er lov å smila og sjå lyst på livet. Det kjem ein som regel lengst med, så også i ein situasjon som denne.

Uansett er det er tid for å lytta til dei råda myndigheitene gjev oss, anten dei er lokale eller nasjonale. Ikkje fordi ein kan vera sikker på at dei tek alle dei rette avgjerdene. Me fordi det er det einaste valet me har.

Støtt det lokale næringslivet

Det lokale næringslivet held pusten. Korleis det vil sjå ut når alt dette er over, er vanskeleg å spå. Mange opplever full stopp, tilsette må permitterast. Dei som framleis har ein jobb å gå til, til dømes tilsette i matbutikkane, står på for at folk skal få varer. Dei utset seg sjølve for ekstra risiko for å bli smitta. Det same gjer helsepersonell.

Det er all grunn til å senda ein varm tanke til dei som står midt oppe i krisa, som ikkje kan låsa døra bak seg og håpa at alt dette går over.

Både no, og i tida som kjem etter krisa, er det mange gode grunnar til å støtta opp om det lokale næringslivet vårt. Å bruka dei som tilbyr varer og tenester i kommunen vår, vert viktigare enn nokon gong før, dersom ein skal unngå at lokale verksemder går over ende og arbeidsplassar går tapt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samfunnsdugnad

Sjølv om me har ulike roller og oppgåver i lokalsamfunna våre, så er det ingen tvil om at me alle er i same båt. Difor er ordet dugnad komme på alle sine lepper igjen. Alle må yta sitt, anten det er å respektera smittereglar, karantene-krav som kan opplevast som strenge eller ein står midt oppe i konkrete utfordringar knytt til Korona-smitten.

Det vert sagt at ingen kan gjera alt, men alle kan gjera noko. Dette uttrykket er meir aktuelt enn nokosinne. Det å hjelpa ein nabo, folk som ein veit ikkje har så mange rundt seg, er noko me alle kan gjera. Å tilby seg å handla, eller berre det å slå av ein prat. Helst på telefon eller over hagegjerdet.

Kor lenge Noreg vil stå midt i denne Korona-krisa, veit vel ingen. Me kan berre håpa at det om nokre veker ser lysare ut, og at det er forsvarleg å letta på dei strenge tiltaka som er sette i sving.

Uansett kan me håpa at me som samfunn kjem styrkja ut av dette. Ei påminning om at me alle er sårbare når noko ukjent råkar oss, vil det nok verta. Samtidig kan me alle også verta minna på at når ein står saman, er me sterkare. Og av og til er det heilt nødvendig å stå saman.

VP oppdaterer

VaksdalPosten ønskjer å gje lesarane våre oppdatert og viktig informasjon. I desse omskiftelege tider, er nettet viktig. På VP.no vert ein halden oppdatert på lokale følgjer i samband med Korona-utbrotet.

Me satsar også på å få ut papiravisa, men kan ikkje garantera at det er mogleg. Informasjonen som står i papiravisa, kan også ha endra seg etter at avisa vart trykt. Utviklinga skjer raskt. Følg oss på VP.no. Last ned VP sin nyheitsapp og VP sin app for e-avisa.

Manglar du brukarnamn og passord, send e-post til kundesenter@vp.no