Jan Per Styve skriv Skråblikk i VaksdalPosten. Foto: Esben Hesjedal

Vår urolege kvardag – og søndag. Og vi har valt det sjølv

SKRÅBLIKK: Før i tida var folk medlem i idrettslaget, turnforeininga, skulekorpset, Røde Kors, Sanitetskvinnene, fagforeininga, husmorlaget, ungdomslaget og fotballaget. Alle desse var slik at ein sjølv måtte delta og gjere ein innsats for å få vere med.

Medlemskontingent måtte også betalast, og ingen kunne seie at det svara seg økonomisk å vere medlem.

Det einaste medlemskapet som svarte seg var å vere medlem i Coop. Det var gratis, og ein fekk ein kjøpeutbytte over nyttår kvart år.

No kan eg knapt stikke nasa innom ein butikk, før dei nærast kastar medlemskap etter meg. Når eg står i kassa og skal betale, spør dei alltid om eg er medlem – anten det no er på apoteket, hagesenteret, bokhandelen eller byggevaren.

Og det einaste eg treng gjere for å bli medlem er å oppgi telefonnummeret mitt. Då får eg straks rabattar, gode eksklusive medlemstilbod og av og til opptente plusspoeng som kan hentast ut i kroner. Det kostar heller ingenting å vere medlem.

Kven kan seie nei til noko slikt? Det er gratis, og ein får rabattar og gode tilbod. Ein treng ikkje stille opp på dugnad, bli tvangsinnvalt i styret og bake kaker til lotteria.

Men – det har ei bakside. Eg er knapt komen heim etter å ha sagt ja til eit nytt medlemskap, før det plingar inn ein sms på telefonen med tilbod. Slikt skjer tidleg om morgonen, om kvelden, om natta, på kvardagar, på søndagar – og på helgedagar. Som medlem har eg sagt ja til at dei kan uroe meg når som helst.

Lenge før eg var vaken skjærtorsdag morgon, kom det sms frå Jula med gode tilbod. Eg måtte jo sjekke då det plinga på telefonen – det kunne vere noko viktig. Men det var altså Jula som lova 200 kroner i rabatt om eg handlar for 1000 kroner. Det var no nett ikkje slikt eg hadde tenkt å bruke ein stille morgon til.

Den einaste butikken som ikkje spør meg om eg vil bli medlem er Vinmonopolet. Der kunne er gjerne meldt meg inn – om dei gav meg gode tilbod.

janperstyve@gmail.com