FORNØGD: Sara Koto er takknemleg for at ho fekk jobb ved Shell Dale, etter ein årelang jobbjakt.

— Eg er heldig som fekk jobb her

Etter ni år i Norge og tallause jobbsøknader, fekk endeleg Sara Omar Koto (33) frå Syria det ho ønskte seg: Eit jobbtilbod.

No kan du treffa Sara på Shell Dale, der ho tek imot kundar med eit smil og norske høflegheitsfrasar.

— Eg er veldig glad for at eg fekk denne jobben. No får eg brukt språket heile tida, og lærer nye ord. Eg synest det er kjempefint, smiler ho.

Redd det var for få jobbar

I desember 2011 kom Sara og mannen som syriske flyktningar til Oslo, der dei budde på asylmottak i tre månader. Så gjekk turen vidare til Førde, der dei budde i nesten to år. Eldsteguten, Harald (8), vart fødd der. Deretter flytta dei til Vaksdal, og fekk gut nummer to, Alan, som no er seks år og går i fyrste klasse.

I løpet av dei ni åra dei har budd i Norge, har Sara gått på norskopplæring, grunnskule og vore i språkpraksis, men hadde framleis til gode å finna ein jobb. Ho har heile tida søkt på jobbar, og søknadene vart berre fleire då ho måtte bli heime frå skulen frå mars til september på grunn av koronapandemien.

— Eg begynte å bli redd for at eg ikkje skulle få ein jobb, at Vaksdal kommune kanskje vart for liten. Eg vurderte å søkja på jobbar andre stader òg, til dømes i Bergen, men det ville blitt vanskeleg på sikt med tanke på at mannen min jobbar hjå Dale of Norway, eg har gutane, og eg måtte ha pendla med tog, seier Sara, som blir køyrd til og frå heimen på Vaksdal til jobben på Shell av mannen.

— Det går fint så lenge han er permittert frå sin jobb, men på sikt må eg nok ta bussen, legg ho til.

Hjelpsame vener

Om lag ein månad har gått sidan ho begynte i jobben, som ho nesten hadde gitt opp håpet om å få. Sara har tidlegare søkt om jobb på butikkar, sjukeheimar og fleire andre stader, men ikkje på Shell Dale. Takka vera hjelp frå ei god veninne fekk ho skrive Shell-søknaden, og etter tre dagar vart ho invitert til å kome på jobbintervju.

— Det gjekk veldig bra, konstaterer Sara med eit smil.

No jobbar ho faste skift i ei 70 prosent stilling.

Utan dei gode, norske venene er det ikkje sikkert ho hadde fått ein jobb, meiner Sara. Ho understrekar difor kor viktig det har vore, og framleis er, å ha slike vener rundt seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Me er heldige som bur i Vaksdal. Me trivest godt her, og har mange gode vener på Vaksdal som betyr mykje for meg og familien min.

Vidare fortel ho at ho trivst godt på den nye arbeidsplassen sin.

— Eg har veldig snille kollegaer som eg samarbeider godt med. Sidan eg er under opplæring no, så spør dei om alt, ler ho, og legg til:

— Sjefen er òg veldig snill. Eg er heldig som fekk jobb her.

— Ønskte jobben mest

Sjefen hennar, Shell Dale-eigar Stian Jordalen, fortel at eit godt arbeidsmiljø er høgt prioritert, og at dei har ein veldig flat struktur på arbeidsplassen.

Shell Dale har tilsette i nesten alle aldrar og med ulike bakgrunnar, og Stian seier at dei bevisst vil ha spreiing i alder og kjønn.

Då han lyste ut stillinga som Sara fekk, kom det inn færre søknadar enn det som har pleidd vera vanleg.

— Eg tok inn tre søkjarar til intervju, og alle var gode, så det var veldig jamt.

— Kva var det som gjorde at jobben gjekk til Sara?

— Eg følte at ho ønskte og trong den mest. Dersom nokon greier å visa på eit intervju at dei verkeleg ønskjer ein jobb, så er det eit godt utgangspunkt. I tillegg brenn eg for å få folk med i arbeidslivet, og viss ein er over 25 og utan jobberfaring, så kan det vera vanskeleg å få seg jobb, avsluttar Jordalen.