Elevane i dei to 10. klassane ved Dale skule vert onsdag sett i karantene.

10.-klassingar sett i karantene

Onsdag føremiddag melder Vaksdal kommune at 10. trinn ved Dale skule må heim i karantene.

— Me har i dag motteke melding frå kommuneoverlegen om at 10. trinn ved Dale skule må heim i karantene, i første omgang ut denne skuleveka frå 16. til 18. september. Dette vert gjort i samband med pågåande smittesporingsarbeid i kommunen. Det er ikkje påvist smitte hos elevane på noverande tidspunkt. Føresette vert varsla direkte i eigne kanalar, heiter det i meldinga.

Ventar på svar

Kommuneoverlege Ole M. Thorseth seier til VP at ein ventar på svar på prøvar.

— Det som no er situasjonen er at ein elev ved Stamnes skule, same skulen som det søndag kom eit smittetilfelle ved, er litt forkjølt. Denne eleven har igjen ein nær relasjon til ein elev i 10. klasse ved Dale skule som også er blitt forkjølt. Då seier regelverket at ein skal innføra karantene, og det har me no gjort, seier Thorseth.

Han fortel at ein ventar på prøvesvar frå koronatestar teke i starten av denne veka. Desse kjem ofte på ettermiddag, kveld og nattetid.

— Før me har svara på desse testane så er det altså innført karantene for dei to 10. klassane ved Dale skule, sidan desse klassane jobbar nokså tett.

Sende elevane heim

Rektor ved Dale skule Magnar Helland fortel at elevane vart sendt heim frå skulen onsdag føremiddag.

— Dei som bur på Dale gjekk heim, enkelte elevar frå andre bygder vart henta og me fekk også lov å senda nokre med tog, sidan det ville vera lenge å venta på buss. Også lærarane som har undervist i 10. klasse er sett i karantene ut veka, opplyser Helland.

Han seier at det vert digital undervisning dei næraste dagane.

Det er førebels ikkje aktuelt å setja fleire klassetrinn ved Dale skule i karantene.

Av meldinga som er gått ut til foreldre og føresette frå Dale skule, heiter det mellom anna: Karantene betyr at elevane skal halda seg heime og ikkje ha omgang med andre born og vaksne enn dei i familien. Seinast innan fredag vil me få melding frå kommuneoverlegen om elevane må ha karantene vidare.