10.-klassingar på kajakktur
Ungdomsskuleelevar på Dale får denne hausten testa og lært seg kajakksporten litt å kjenna.
Sist veke var dei eldste ungdomsskuleelevane, som har friluftsliv som valfag, på tur på fjorden ved Stamnes. Denne veka er det 8. og 9.-klassingane sin tur. Om dei eldste elevane sin tur fortel lærar Renathe Vik:
— Først var det litt opplæring. Korleis ein skal komma seg opp igjen i kajakken om uhellet er ute mellom anna. Så padla me på tur både litt ut i fjorden og oppover Bolstadstraumen. 3-4 timar var me utpå. Det vart ein kjekk ettermiddag i solskinet både for oss vaksne og dei unge, fortel Renathe Vik, som er lærar på ungdomsskulen og leiar i idrettslaget på Stamnes.
Laget sine nyinnkjøpte kajakkar vart nytta, i tillegg hadde ein lånt farkostar også hjå nabolaget Stanghelle IL.