Strålande sol og god stemning i 17. maitoget på Dale.
Foto: Esben Hesjedal
Bilete 2 av 13
I tillegg til leikar og underhaldning for dei minste, var det uhøgtidleg tautrekkingskonkurranse mellom ulike gater på Dale.
Foto: Esben Hesjedal
Bilete 3 av 13
God 17. mai-stemning på Lid i Bergsdalen.
Foto: Ragnvald Berge
Bilete 4 av 13
Varaordførar Sigmund Simmenes avduka minneplakett til ære for Bjørn Wiik. Kona Margrethe Becker Wiik kom frå Tyskland for å oververa avdukinga.
Foto: Magne Solhaug
Bilete 5 av 13
Henrik Møster delte ut premiar til unge som sprang 60-meteren.
Foto: Magne Solhaug
Bilete 6 av 13
Mykje folk samla til underhaldning og tale i samfunnssalen på Vaksdal.
Foto: Linda Lien
Bilete 7 av 13
Finvêr og folk i godt humør på 17. mai på Vaksdal.
Foto: Linda Lien
Bilete 8 av 13
Folketoget like etter starten frå Stamnes kyrkje. Sturle Hesjedal og Harald Skrede er flaggbærarar, like bak Blanke Messingen forsterka med medlemmer frå Vaksdal barne- og ungdomskorps.
Foto: Magne Solhaug
Bilete 9 av 13
Modalskoret song utanfor kyrkja på Mo 17. mai.
Foto: Magne Solhaug
Bilete 10 av 13
Ungdomsskuleelevane Ida, Hannah og Nicolay las dikt ved minnestøtta utanfor kyrkja på Mo.
Foto: Magne Solhaug
Bilete 11 av 13
Vesle Siw Emilie får staseleg 17.-maiskyss hjå Shetlandsponnien Gallardo. Ved taumane sit mamma Silje, medan pappa Christian ruslar etter.
Foto: Magne Solhaug
Bilete 12 av 13
Elevar ved skulen på Stanghelle i aksjon 17. mai.
Foto: Esben Hesjedal
Bilete 13 av 13
Mjølkespannkasting var mellom aktivitetane på Stanghelle. Her kastar Arne Kjøndal mjølkespannet av garde i finvêret.