2.554 er fullvaksinerte

Mange har no fått koronavaksinen. Foto: Randi Kleppe

Ved utgangen av sist veke hadde 2.554 personar fått to dosar av koronavaksinen i Vaksdal kommune.

Det vil seia at om lag 65 prosent av alle som bur i kommunen — uansett alder — er fullvaksinert.

Ifølgje koronavaksinasjonsstatistikken til FHI har 91,5 prosent av alle over 18 år i Vaksdal fått første dose, medan 87,9 prosent har fått andre dose.

Oversikta til FHI viser at det i Modalen er 89,7 og 83,7 prosent av dei over 18 år som har fått høvesvis første og andre dose.