TESTING: Over 400 personar har blitt testa på teststasjonen i Dalehallen. Her helsesekretær Henriette Kleveland Kvalheim Foto: Magne Solhaug

420 personar er testa

Dei to siste vekene er 420 personar i Vaksdal kommune testa for koronasmitte.

Kommuneoverlege Ole M. Thorseth opplyser til VP fredag kveld at han ikkje har fått melding om fleire smitta etter det vart opplyst at tre personar hadde fått positivt testsvar torsdag kveld og ein person tidleg fredag.

24 smitta på to veker

— Det er no totalt 24 personar som i løpet av dei siste to vekene er registrert som smitta. Det vil seia at 23 har fått positivt testsvar, medan eit barnehagebarn ikkje har blitt testa men vert rekna som smitta ut frå symptom og situasjonen elles. Stanghelle barnehage vart måndag stengt, etter at to barn der er definert som koronasjuke, opplyser Thorseth.

BRA KONTROLL: Kommuneoverlege Ole M. Thorseth meiner ein har bra kontroll over koronasituasjonen i Vaksdal, sjølv om mange er smita. (Arkivfoto)

Mange testar

Han rosar koronateamet i kommunen for å verkeleg stå på i ei utfordrande tid.

— Heile 420 personar er testa dei to siste vekene, noko som er meir enn det som staten forventar av oss. Fredag var det kø utanfor teststasjonen i Dalehallen, og det har blitt tatt testar utover kvelden. Folka våre har også reist på heimebesøk i fullt smittevernutstyr for å gjera enkelttestar. Berre i dag, fredag, er kring 100 personar testa, fortel Thorseth.

Han ventar på svar frå mange testar i helga og starten på neste veke.

På topp i VG-statistikk

I VG sin koronaoversikt i går, låg Vaksdal kommune heilt på topp når det gjaldt registrerte smitta ut frå innbyggjartal.

Torsdag var Vaksdal kommune på topp i VG sin korona-statistikk over nye smitta. Foto: Illustrasjon: VG

— Det er ikkje overraskande at Vaksdal ligg høgt i ein slik oversikt, då me har relativt mange smitta i ein liten kommune. Som sagt før så er jo det på ein måte alarmerande, men ikkje så uventa i og med at me har fått smitte i skule- og barnehagemiljø der ein raskt kan smitta andre. Samtidig meiner eg at situasjonen ikkje er så alvorleg. Me har ikkje alvorleg sjuke, ingen på sjukehus og ikkje smitte på sjukeheimane. Nokre få er moderat sjuke og kan ha hatt eit legebesøk. Dei fleste er i OK form og syntest nok dette berre er litt bale. For kommunen og dei som testar og skal handtera situasjonen, er det stressande, men ikkje dramatisk med fare for liv og helse, seier Thorseth.

Han meiner ein har rimeleg bra oversikt over smittesporing.

— Eg opplever at me har rimeleg god kontroll, og når så mange har testa seg og er i karantene og isolasjon, så kan ein håpa på at tala på smitta snart går ned, seier kommuneoverlegen.

Kartet vitnar om høgt smittetrykk i Vaksdal kommune. Foto: Illustrasjon: VG