TI OMKOM: Ved heradshuset på Dale står dette krigsminnesmerke for dei ti frå dåverande Bruvik kommune som mista livet grunna krigshandlingar under 2. verdskrigen.

80 år sidan krigsutbrotet, 75 år sidan fredsvåren

8. mai er det 75 år sidan 2. verdskrigen var over. Fem år med krig i Noreg, ein krig som også sette sine spor i våre kommunar, var til ende. I alt 13 personar frå Vaksdal og Modalen omkom, og i starten av krigen var det kampar i Vaksdal.

I Vaksdal var ordførar Hege Eide Vik og Trond Olav Magnussen, lokalpolitikar og tidlegare yrkesmilitær, i gang med å førebu ei markering på frigjeringsdagen, då koronokrisa kom.

— Då måtte me berre avlysa planane våre, seier Magnussen.

Han synest det er viktig at historiene om det som hende ikkje vert gløymde, sjølv om tidsvitna som kan fortelja om det som skjedde den gongen, vert det færre og færre av.

MO: PÅ kyrkjergarden på Mo står denne minnestøtta over Oddmund Otterstad, som mista livet under kampane i Valdres våren 1940.

Kampane i Valdres

Historia deira lever likevel skriftleg, både i bøker og skrift som er gjeve ut, og også i VP sitt arkiv. Søkjer ein til dømes her på Ragnar Hesjedal, så finn ein fleire saker der Ragnar, som døydde for ei tid tilbake, fortel om då han og fleire av kameratane hans frå Stamnes og andre frå området vart sende — heilt mot sin vilje, til Valdres i 1940 der dei i mange dagar kjempa mot den store tyske overmakta.

— Me skulle gjeve opp før, då kunne mange liv vore berga, meinte Ragnar då VP møtte han i 2015. Då fortalde han mellom anna om kameraten Håkon Nytun frå Stamnes, som omkom i det tyske kuleregnet i valdresskogane, berre kort tid før kapitulasjonen.

— Hadde me gjeve opp fem minutt før, så hadde Håkon vore i live. Ein blir så frustrert og sint når ein tenkjer på dette, fortalde Ragnar, som presiserte fleire gonger at han ikkje ville verta kalla krigshelt.

— Eg gjorde berre motvillig borgarplikta mi.

STERK HISTORIE: VP møtte fleire gonger Ragnar Hesjedal frå Stamnes, som var med under kampane mot tyskarane i Valdres i april 1940. Biletet er frå 2015.

Dei 13 som omkom

Utanom Håkon Nytun så var det tre andre frå vårt område som fall under kampane i Valdres i 1940; Oddmund Otterstad frå Modalen, Tor Kyrkjeteig frå Bergsdalen og Olav Hesjedal frå Stamnes.

Alt første krigsdagen, 9. april 1940, omkom Sigurd Rolland Monsen, 22 år gammal frå dåverande Bruvik kommune. Monsen var dekksmann på krigsskipet «Eidsvold», som vart torpedert og seinka i Ofotfjorden ved Narvik.

Adolf Vatle frå Dale meldte seg til teneste på Voss då krigen braut ut. Han vart såra under tyskarane sitt flyangrep på Voss 12. april, og døydde tre dagar seinare.

22. april vart Ole K. Åsen frå Vaksdal eit tilfeldig sivilt offer under den tyske frammarsjen forbi Vaksdal og kampane som den dagen føregjekk i Bogalia.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lars Nødtvedt frå Modalen mista livet i 1942. Sambygdingen Knut Otterstad to år seinare. Knut var ein yngre bror av Oddmund, som vart skoten og drepen av tyskarane i Valdres i 1940.

Alf Bernhard J. Fornes frå Rogaland var flytta til Bruvik då krigen kom. 24-åringen omkom under kampane i Skjervet ved Granvin 25. april 1940.

Olav Bertin E. Dalseid frå Dale omkom under krigsforlis i Nordsjøen utanfor Shetland i 1941.

Magne Bolstad frå Vaksdal var motstandsmann, som vart fanga av tyskarane og døydde i konsentrasjonsleir i 1944.

Astrid E. Dalseid frå Dale budde på Sørlandet under krigen. Også ho dreiv med motstandsarbeid, ho vart arrestert i 1943 og sett i fangenskap. I 1945 vart ho redda frå fangeleiren og sendt til sjukehus i Sverige. Astrid kom heim i september 1945, men døydde i 1947 av skadar og sjukdom ho hadde fått i fangeleirane.

Kampar på Vaksdal og Stanghelle

Anna lokal krigshistorie var tyskarane sin frammarsj mot Voss langs jernbana. I fleire dagar i slutten av april 1940 kom det til kamp mellom dei framrykkjande tyske soldatane og dei norske som forsvara seg tappert. Både på Langhelle/Stavenes, Boge og Vaksdal var det kampar. Det same på Stanghelle, der mellom anna jernbanebrua vart sprengt. Fire tyske soldatar måtte bøta med livet under kampane her, og mange vart såra.

(Kjelde: Krigsminnesmerke i Hordaland, Natur- og opplevelsesforlaget AS)