Jan Per Styve serverer skråblikk til VP sine lesarar.
Jan Per Styve serverer skråblikk til VP sine lesarar.

Å stoppe ein robot

Det er noko herk å ringje Kundeservice, anten det no er Telenor, Fjordkraft, banken eller forsikringsselskapet.

Først kjem menyen, og eg må velje rett tast for å kome vidare. Så venting i kø og plagsam musikk med elendig lydkvalitet. Tida går, og eg rykkjer uendeleg sakte fram i køen – medan magesyra aukar.

Ofte er det enklare å velje chat-funksjonen. Då slepp eg ventemusikken og kjem fortare fremst i køen. Men – den første som tek imot er ein robot, som er lært opp til å svare på enkle spørsmål. Ofte har dei fantasifulle namn som Nemi, Romi og Todi, berre for at eg skal tru dei er levande.

Nesten alltid blir det krøll. Nemi forstår ikkje spørsmålet, Romi forstår ikkje nynorsk og Todi ber heile tida om nye opplysningar – utan å kome til poenget. Det er til å bli sprø av. Og det kan gå lenge før roboten gir opp og koplar meg over til ein levande kundebehandlar.

Men no har eg lært meg ein framifrå teknikk for å stoppe kjeften på roboten. Eg startar chatten med å skrive Skykkjeskukkjen. Då feigar roboten ut med ein gong, og eg får kontakt med ein levande kundebehandlar. Eg har testa det fleire gongar, og det fungerer kvar gong.

Rett nok hender det av og til at kundebehandlaren som overtar er svensk, men det får våge seg. Då kosar eg meg med å bruke mest mogleg spesielle nynorske ord – berre for å teste ut. Men eg har enno ikkje klart å sette dei fast.

Kanskje undrar kundebehandlaren seg litt over at det første ordet i mine innlegg er Skykkjeskukkjen. Men dei har aldri spurt meg kva eg meinte med det. Spør dei, så skal eg gjerne forklare kva det er, nemleg loftet eller hemsen på eit uthus.

Men då må dei love å ikkje lære opp roboten til å forstå ordet. Gjer dei det, er knepet mitt oppbrukt.

Det er godt å vere såpass «overmenneske» at eg kan stoppe kjeften på ein robot. Men eg fryktar utviklinga vidare, etter kvart som robotane blir flinkare og «klokare». Då lyt eg nok finne på noko endå meir utspekulert for å ha overtaket. Men enn så lenge så fungerer det med Skykkjeskukkjen.

janperstyve@gmail.com