Aksjonerer for ny E16

Laurdag 19. september organiserer ni aktørar ein konvoi frå Åsane til Voss, for å demonstrera mot å utsetja byggjestart av K5.

Regionsjef for Norges Lastebileier-Forbund (NLF), Jan-Ove Halsøy, er blant initiativtakarane til aksjonen. Foto: Randi Kleppe

I ei pressemelding om aksjonen blir det vist til at det i juli kom ei melding frå Statens vegvesen om at oppstart av vegprosjektet kan bli utsett med to år. Tidlegaste oppstart blir då i 2024.

– På Vestlandet vil me ikkje akseptera at K5-alternativet blir utsett, understrekar arrangørane.

Regionsjef for Norges Lastebileier-Forbund (NLF), Jan-Ove Halsøy, er blant initiativtakarane.

– Det har ikkje vore vanskeleg å få folk med på konvoien. Det viser kor viktig dette er for mange, sa han då han vitja Norgesmøllene på Vaksdal sist veke, og fortalde besøkjande Sp-politikarar om utfordringane med nettopp E16.

Alle som ønskjer det kan vera med på konvoien, som har avreise frå Åsane klokka elleve.

Desse organisasjonane er med på aksjonen: Yrkestrafikkforbundet, Fellesforbundet, Transport og Logistikk Forbundet, Vossaløysinga, NAF Bergen og Omegn, KNA, Norges Lastebileier-Forbund (NLF), NHO Logistikk og Transport avdeling Vestlandet og Bergen Lastebileier-Forening.