Alle tilsette hjå Dale of Norway er sende heim i dag, måndag, grunna mistanke om at ein tilsett er smitta av korona. (Arkivfoto) Foto: Magne Solhaug

Alle tilsette sendt heim hjå Dale of Norway

Mistanke om at ein av dei tilsette hjå Dale of Norway (DON) er smitta av korona, gjer at alle tilsette er sendt heim i dag, måndag.

De er dagleg leiar Anette Juel Knudtzon ved DON som fortel dette til VP.

Ho fortel vidare at den det gjeld håpar å få testa seg i dag, men veit ikkje om dette let seg gjera.

Uoversiktleg

— Uansett så er situasjonen pr. i dag svært uoversiktleg, og me kan ikkje seia noko om me kan starta produksjonen att om koronamistanken skulle visa seg å vera feil. Me er svært leie oss for dette, det er heilt uverkeleg det som skjer og kor fort ting endrar seg. Me hadde møte i leiargruppa onsdag sist veke, og då var me sikre på at dette skulle me stå av, seier Juel Knudtzon.

– UVERKELEG: Anette Juel Knudtzon er dagleg leiar hjå Dale of Norway. (Arkivfoto)

Fabrikkutsalget stengt

På Dale vart Fabrikkutsalget stengt før helga, og i tillegg vart nokre tilsette både i produksjon, lager og kundeservice då permitterte.

— I alt var det då snakk om 24 personar på heil- og deltid, men då er også medrekna dei som jobbar i butikken vår på Karl Johan i Oslo, som no også er stengt, fortel dagleg leiar Anette Juel Knudtzon ved Dale of Norway.