annonse

Annankvar dag

Skråblikk
Skråblikk: Jan Per Styve deler sine skråblikk med VP sine lesarar. (Foto: )

+ SKRÅBLIKK: Snart slepp vi å sjå i postkassen kvar dag. Posten vil berre kome annankvar dag. Kanskje vi også bør gå over til annankvar dag for digitale bodskap også?

Før i tida var det noko i postkassen kvar dag. Som ivrig brevskrivar i barndomen var eg med å sikre postmannen sin jobb. På den tida hadde vi hadde brevvener i staden for Facebook-vener. Ein gong søkte eg etter brevven i eit svensk vekeblad. Og det fekk eg! Postmannen kom med ein tjukk konvolutt med 68 brev til meg frå Sverige. Du hendelse!

Eg bad bror min om konsulenthjelp for å velja ut kven av dei eg skulle satsa på. – Sjå etter foto, sa han. Men det var berre fire brev med bilete. Eit viste ei jente i bikini – tatt på 25 meters avstand. Men det var nok til å vekke mi interesse. Så då valde eg Eva frå Gotland. Eg kan ikkje hugse om eg sende tilbake bilete av meg i badebukse, men vi gav arbeid til postverket i to land i fleire år.

I dag held vener digital kontakt – utan hjelp frå postmannen. Før såg vi i postkassen ein gong for dagen. No blir vi uroa heile tida av våre digitale postkassar: Sms, Facebook, Messenger, e-post, Snapchat, Twitter og Instagram.

Vi tar imot heile tida – om det er søndag eller natt, om vi har lagt oss eller sit i ei gravferd, om vi er på konsert eller på fjelltur. Vi klarar ikkje la vere å sjå etter kva som no kom eller kven som no vil oss noko. Vil vi eigentleg ha det slik? Treng vi vere på heile tida?

Enn om vi også gjer som posten – og går over til annankvar dag? E-post og sms tar vi berre imot måndag, onsdag og fredag. Facebook, Messenger og Twitter tar vi imot tysdag og torsdag. Snapchat og Instagram berre på onsdagar. Laurdag og søndag tar vi heilt digitalfri. Teleoperatørane bør leggje inn verktøy i sine system som gjer det mogleg å gå over til eit digitalt annankvar dag-liv.

Eva frå Gotland har eg mista kontakten med. Ikkje finn eg att bikinibiletet heller. Men eg forstår framleis svensk. Då var det verre med jenta frå Stamnes som fekk seg ein svensk brevven i unge år. Det varte ikkje lenge. Då han skreiv at han hadde «nogre frågor», måtte ho konsultere veninna si om kva dette betydde. Dei meinte det betydde at han hadde fregner. Då vart det slutt på breva frå Norge.

Jan Per Styve

janperstyve@gmail.com

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.