Naudetatane rykte torsdag ut til ei arbeidsulukke i Eksingedalen.

Mann omkom i arbeidsulukke på Gullbrå

Politiet opplyser at ein person omkom i ei arbeidsulukke ved Gullbrå, øvst i Eksingedalen.

— Klokka 09.55 mottok politiet melding om ei arbeidsulykke i Vaksdal kommune, på Gullbrå. Naudetatane rykka ut og det blei sett i gang førstehjelp på staden. Den skadde mannen vart frakta i luftambulanse til Haukeland sjukehus, men han er no bekrefta omkommen, opplyser politiet i ei melding.

Arbeidsulykka vil bli etterforska av politiet. Årsaka til ulukka er ikkje kjent.

Mannen sine pårørande er varsla.

Den omkomne er ein mann i 40-åra.

Fekk stålbjelke over seg

Det var torsdag føremiddag at det vart meldt om ei arbeidsulukke på Gullbrå.

Meldinga gjekk ut på at ein arbeidar har fått ein stålbjelke over seg.

— Den forulukka er fri frå stålbjelken og er blitt frakta ned frå fjellet og vidare med luftambulanse til sjukehus, fortalde Knut Dahl-Michelsen ved politiet sin operasjonssentral til VP.

Rassikring

Ulukka har skjedd under rassikringsarbeid i eit fjellparti ved Gullbrå. Arbeidet skjer i regi av Norsk Bergsikring. HMS-ansvarleg der er Roy Sævik, han sa dette til VP tidlegare torsdag:

— Eg er på veg til Gullbrå no, og har hatt kontakt med folka våre der oppe. Meldinga derifrå var at den skadde arbeidaren er bevisst og ein har kommunisert med han. Noko meir veit eg ikkje, sa Sævik.