ULUKKE: Politiet melder om ei ATV-ulukke ved Bogavatnet 17. mai.

ATV-ulukke ved Bogavatnet

To personar var innblanda i ei ATV-ulukke ved Bogavatnet ovanfor Vaksdal 17. mai føremiddag.

Politiet melder at ulukka skjedde i nærleiken av Bogavatnet. Melding frå folk på staden til politiet seier at dei to hamna ved sida av køyretøyet som velta.

— Ambulansepersonell kom til staden og dei to, ein mann og ei dame, fekk behandling der. Melding frå folk på staden til oss var at dei framstod som forslegne. Det er det eg kan seia om skadeomfanget, fortel operasjonsleiar Bjarte Rebnord hjå politiet.

Dei to vart frakta til Haukeland universitetssjukehus.

ATV-en skal ha velta i fart under køyring på skogsvegen frå Boge og oppover mot Bogavatnet.