- KOK DRIKKEVATNET: Det vart onsdag meldt om bakterifunn i drikkevasskjelda på Dale. (Arkivfoto)

Bakteriefunn i drikkevatn på Dale

Det vart i dag, onsdag, stadfesta funn av både ein E. coli- og ein koliform bakterie i drikkevatnet på Dale. Kommunen tilrår at ein kokar alt vatnet som skal brukast til drikke og matlaging.

Fagleiar for vatn og avlaup i Vaksdal kommune, Dag Seim, fortel at oppmodinga gjeld dei som bur frå Kalvakroken og oppover mot Dale sentrum med Eikhaugen, Skyttarplassen, Holhovden og Dalseiddalen.

— Brukarane våre nedom Kalvekroken og vidare mot Helle og Stanghelle, kan bruka vatnet som vanleg, seier Seim.

I samband med straumbrot som har vore dei siste dagane, så har Vaksdal kommune måtte fylla på med vatn frå reservevasskjelda, som kjem frå Bergsdalselva.

— Eg vil helst tru at bakteriefunna skriv seg frå dette, seier Seim, som ventar svar torsdag på nye vassprøvar frå anlegget som han har teke i dag, onsdag.