annonse

Barnerettleiarane på SFO er gull verdt

SFO
SFO: Rektor Robert Mjelde Flatås ved Stanghelle skule skriv om skulefritidsordninga. (Foto: Arkiv)

Rektor Robert Mjelde Flatås ved Stanghelle skule slår eit slag for skulefritidsordninga i dette lesarinnlegget.

Vesle Astri på 7 år kikkar seg rundt om på den tomme skuleplassen no i fellesferien, medan ho ser bort på pappaen sin og seier: «Kan ikkje SFO opna igjen snart – ver så snill? Det er så innmari kult der, og eg saknar dei vaksne Reidun, Malin og Stian sånn». Pappaen smiler og føler seg takknemleg for måten SFO-en til dottera heile skuleåret gjennom har tilbydd aktivitetar der borna får kunnskapar og opplevingar samtidig som det har vore lagt til rette for den viktige frie leiken.

Skulefritidsordninga (SFO) er så mykje meir enn «ein oppbevaringsstad» etter skuletid med litt perleaktivitetar og ballspel. Det er no på tide å løfta fram SFO som den viktige lærings- og integreringsarenaen den verkeleg fortener. SFO handlar mykje om leik og omsorg. Å omtala dei vaksne som jobbar i SFO som barnerettleiarar (namnet kjem frå SFO-nett) framfor assistentar gjev god meining, for kvar dag er barnerettleiarane på SFO med på å skape gode leikearenaer, støtta barn i leiken deira og ikkje minst hjelpa barna i deira leikerelasjonar.

Omtrent alle SFO-tilsette som eg har møtt er genuint opptatt av og har stor respekt for frileiken, og dei er med på sikra at den får god plass etter ein dag på skulen. Samtidig er SFO i endring for tida. Stadig fleire SFO-ar ser viktigheita av at barn skal medverka i eiga fritid, og fokuset på sosial kompetanse blir viktigare særleg når forsking viser at norske barn leikar stadig mindre på fritida. Leiken som metode representerer ein viktig føresetnad for det arbeidet som kvar dag vert gjort i SFO. Vi må alle bli flinkare til å henta fram leikemateriale i alle krikar og krokar på skulane, for det er mykje gjennom leik at barn lærer meistring. Her må skulen og SFO samarbeide, for barn lærer ikkje berre i klasserommet. Det handlar om å skape ein best mogleg kvardag for barna. Vi må og hugsa på at barnerettleiarane i SFO kan sjåast på som skulen sitt ansikt utad, for det er dei som treff mange av foreldra kvar dag.

Tankegongen i SFO har dei siste åra blitt meir og meir systematisk ved at ein også tilbyr barna valfrie faste organiserte aktivitetar kvar dag slik at dei kan utvikla seg personleg, sosialt og fagleg.

Forventningane til SFO-tilbodet har heldigvis blitt større i landet vårt, og det er varsla ein stortingsmelding til hausten om tidleg innsats og inkludering. Denne meldinga skal blant anna omhandla SFO, og det er antyda at meldinga vil omtala at kvaliteten på SFO skal styrkjast. Det er bra at SFO får seg eit nasjonalt kvalitetsløft framover, for det er faktisk slik at mange av dei yngste barna oppheld seg fleire timar på SFO enn på skulen.

Ein god SFO, slik eg ser det, tilbyr fagleg og sosial læring gjennom leiken. Læring kan gå føre seg i sandkassa, på fotballbana, i klatrestativet, på leikerommet, ute i naturen og i klossekroken. Det er mykje kunnskap som kan formidlast i dei fleste aktivitetar, men det er viktig at barna vel sjølve om dei vil ha frileik eller om dei vil vere med på ein aktivitet. Å tilby læringsstøttande aktivitetar på SFO kan og sørgja for inkludering av barn som ikkje finn seg til rette eller som ikkje vert invitert inn i dei andre barna sin frie leik.

Livsmeistring i eit SFO-perspektiv kan då sjåast som det å meistre, det å vere saman og det å byggje venskap. Skal vi få dette til må vi alle heia fram barnerettleiarane på SFO-ane som no nyt sin velfortente sommarferie. For det kan jammen til tider vera ein tøff jobb på SFO når det stormar og regnar ute og alle barna er inne samtidig etter ein lang skuledag. På same tid skal ein gjerne kunne servere juniorane eit varmt måltid. Prøv det den som vil!

Noreg treng å motivera endå fleire unge til å utdanna seg som fagarbeidarar i skule og SFO framover, det trengst fleire mannlege tilsette i SFO og vi må alle byrja å snakka SFO endå meir opp slik at folk flest kan forstå kor livsviktig den jobben som vert gjort av barnerettleiarane faktisk er. Det handlar om å byggja framtida sine menneske i eit stadig meir komplekst samfunn – og det kan like godt skje ute i sandkassa som i eit klasserom.

Robert Mjelde Flatås, rektor Stanghelle skule

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.