Det oppstod kø då Betlatunnelen fredag ettermiddag var stengt. Foto: Esben Hesjedal

Lange køar på E16

I 14.30-tida fredag vart Beitlatunnelen stengt grunna bilberging. Ein knapp time seinare opna vegen igjen.

Vegtrafikksentralen melde først at det var Dalseidtunnelen som var stengt, men det var ved Beitlatunnelen, mellom Dale og Dalegarden, det er stopp i trafikken.

Det danna seg lange køar på begge sider av tunnelen, på Stanghelle-sida var det kø til Helle.