Ber folk bli i heimkommunen

Vaksdal kommune oppmodar folk om å halda seg i heimkommunen. Biletet er frå Vaksdal.

Det er laurdag mykje merksemd om at mange har reist til fjells på hytter.

Laurdag ettermiddag oppmodar Vaksdal kommune om at folk ikkje reiser ut av Vaksdal kommune.

— Me ber om at alle følgjer oppfordringa frå myndigheitene om å bli verande i heimkommunen sin. Dette er for å redusera smittespreiing, og ikkje belasta små samfunn sine helsetenester om du blir sjuk, heiter i meldinga frå kommunen.