Ber folk halda avstand frå rasstaden

Raset ved Sverrestuven, like ved Gammersvik, stengjer Toskedalsvegen. Foto: Torstein Mehus

Måndag var geolog, entreprenør og Vaksdal kommune på synfaring ved rasstaden ved Gammersvik for å planleggja arbeidet som må gjerast. Nysgjerrige båtfolk vert bedne om å halda avstand.

Avdelingsleiar for kommunalteknisk drift i Vaksdal kommune, Torstein Mehus, fortel at området oppom vegen ved Sverrestuven, der det gjekk ras gjekk torsdag føremiddag, er uoversiktleg.

— I morgon, tysdag, startar arbeidet med å hogga skog slik at ein får eit betre oversyn over situasjonen. Det me allereie no ser, er at det ligg ei stor steinblokk der. Denne er det vanskeleg å anslå storleiken på, men den kan vera på så mykje som 10 kubikk, fortel Mehus.

Ei stor blokk

Han åtvarar difor folk om å nærma seg rasstaden. På fjorden er det observert fleire båtar som går nære for å sjå kva som har skjedd.

— Skulle blokka komma ned, så vil det kunna vera fatalt om det ligg ein småbåt i nærleiken. Me oppmodar difor om at båttrafikken held seg på andre sida av fjorden. Det vil verta vurdert om det skal leggjast ut bøyer med lys i som sperrar av delar av fjorden. Dette vil me ta opp med Kystverket, seier Mehus.

Ei stor steinblokk ligg i rasløpet over Toskedalsvegen. Foto: Torstein Mehus

Ryddar skog

Det er firmaet Treplukkeren som tysdag går i gang med å rydda skog i området. Mehus hadde håpa at ein skulle få tak i ein bil med krane til å gjera dette arbeidet, slik ein unngjekk å senda folk opp i rasområdet.

— Lastebilen som var aktuell er for stor, og kjem seg ikkje fram til rasstaden. Så hogginga må gjerast manuelt med mannskap i tau, og dette må sjølvsagt gjerast så forsiktig og trygt som mogleg. Når skogen er rydda mot slutten av veka er planen å senda opp ei drone for å sjå meir på kva sikringsarbeid som må gjerast, seier Mehus.

Rassikring neste veke

Slik det ser ut no kan sjølve sikringsarbeidet av rasløpet starta i byrjinga av neste veke.

Mehus seier det førebels er umogleg å anslå kor omfattande rassikringa og oppbygginga av vegen vert.

— Det kjem til å ta tid, men kor lenge det går før vegen kan opnast igjen, er det vanskeleg å seia noko om no. Dette har mellom anna med kor mykje stein som må blokkast ut eller boltast, men det vil gå veker.

Det er firmaet Sartor Maskin som skal utføra sikringsarbeidet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ferje og passasjerbåt

Laurdag var det ei ferje som frakta ut bilar frå kaien på Gammersvik og til Stamnes. I tillegg går den vanlege båtruta som driv med persontransport i fjorden.

— Det er sendt ut melding til folk i området om å melda inn behov for ytterlegare transport. Det har me til no ikkje fått, seier Torstein Mehus.

Raset har gått på den kommunale vegen mellom Kallestadsundet bru og Toskedalen, nærare bestemt ved Sverrestuven, like ved Gammersvik. Innbyggjarar og hyttefolk i Gammersvik, Grøsvik og Toskedalen er utan vegsamband.