Ber helsepersonell melda seg

Vaksdal kommune ønskjer kontakt med folk som kan hjelpa i samband med eit koronautbrot i kommunen. (Arkivfoto)

Som i resten av landet ber no Vaksdal kommune om at helsepersonell melder seg til teneste på grunn av koronautbrotet.

— Me ønskjer at dei som har helsefagleg utdanning melder seg til teneste for kommunen. Me har også teke kontakt med tilsette som har vore hjå oss tidlegare, seier Solrun Hauglum, kommunalsjef for helse og omsorg.

Det er førebels berre meldt om at ein person er smitta av koronaviruset i Vaksdal kommune, men helsetenesta treng hjelp fordi ein del helsepersonell er i karantene.

— Me treng folk til å få utført helse- og omsorgsoppgåver. Dette kan bli langvarig, så det er viktig å ikkje belasta personalet for mykje.

Ikkje berre sjukepleiarar

Ho understrekar at ein ikkje berre ønskjer kontakt med sjukepleiarar, men også helsefagarbeidarar, vernepleiar og studentar.

Einingsleiar for helse og omsorg, Sigrun Stamnes Vik, ber helsepersonell om å melda seg til Randi Pedersen i personalavdelinga i kommunen.

— Andre som ikkje har bakgrunn som helsepersonell, men som ønskjer å bidra, må også gjerne ta kontakt. Ein vil bli brukt ut frå kompetansen sin og vil ikkje bli sett til oppgåver ein ikkje kan utføra.

Hjelp til det daglege

Stamnes Vik fortel at kommunen vil trengja hjelp til å handtera den daglege drifta både innan institusjonane og i heimetenesta.

— Eit av tiltaka som er sett i verk er at ein unngår besøk på institusjonane som ikkje er høgst naudsyn. Dette er av omsyn til både smitterisiko og i høve personalet, seier Stamnes Vik