INGEN RUTINEKONTROLLAR: Legane ved legekontoret i heradshuset lyt prioritera vekk rutinekontrollane, i alle fall komande veke. (Arkivfoto)

Berre heilt nødvendig hjelp på legekontoret i heradshuset

— Legekontoret i heradshuset på Dale held ope som vanleg komande veke, men alle rutinekontrollar vert utsett. Legane tek imot berre det som absolutt er nødvendig.

Dette kjem fram av ei melding som Vaksdal kommune har sendt ut søndag kveld.

Tilsyn berre i spesielle tilfelle

Her heiter det vidare at ein må ringja på førehand for avtale, og at det er berre i heilt spesielle tilfelle at ein får tilsyn av lege. Dei fleste vil bli handtert pr. telefon, elektronisk eller ved videokonsultasjon.

Dei som har avtale om time på grunn av luftvegsinfeksjon, må møta på baksida av heradshuset.

Dr. Kari Hegge

Dr. Kari Hegge i Skulegata har avgrensa kapasitet.

Ho tek no ikkje imot nokon pasientar med luftvegsinfeksjonar. Hegge sine pasientar må ta kontakt på telefonnummera nedst i denne saka.

Korona-virus

Ved mistanke om koronavirus må ein ikkje møta opp på legekontora, men ringja 453 77 777 eller Legevakt på 116 117. All koronatesting skjer på legevakta på Voss etter avtale.