Kommuneoverlege Frøydis Gullbrå testar ein pasient som sit inne i bilen utanfor helsesenteret på Mo. (Privat bilete)

Berre negative testar i Modalen

I dag, fredag, kom testsvara på dei om lag 10 prøvane av koronaviruset som var tekne på pasientar i Modalen tidlegare denne veka. Alle var negative.

Med det er det framleis ingen påvist med koronasmitte i Modalen kommune.

— Nei, heldigvis så viste mistanken eg hadde tidlegare i veka seg å vera ugrunna, fortel kommuneoverlege Frøydis Gullbrå,

Utandørs koronatesting

Det er kommuneoverlegen sjølv som utfører testane på parkeringsplassen utanfor helsesenteret på Mo. Grunna smittesituasjonen ynskjer ein færrast mogeleg innom helsesenteret, så venterommet vart tidlegare i veka stengt. Dei som har avtale om testing må venta utanfor i bil. Med bilvindauga nede, og med kommunelegen ståande på utsida, med føreskrive testutstyr og sjølvsagt i smitteverndrakt, vert så testane utført.

— Utandørs testing går fint det, seier Gullbrå.

— Ta kontakt om du er sjuk

Kommuneoverlegen fortel elles at ho delar litt av kollega Thorseth i Vaksdal sin uro om at det etter denne pandemien braut ut, er komme færre generelle førespurnader frå pasientane hennar.

— Eg også tenkjer slik at om det spesielt er eldre som sit heime og ikkje tør ringja, og som er sjuke, så må dei ikkje gjera det. Legekontoret er ope for alle slags sjukdomar, minner Gullbrå om.

Ho har om lag 530 på fastlegelista si. Dei fleste, knappe 400 er heimehøyrande i Modalen, men også eit 100-tals i indre strøk av Vaksdal og nokre i Alver kommune.

Fleire vert testa

Medan det dei siste dagane har vore ein del merksemd retta mot at det har vore vanskeleg å få testa seg for korona, vil det i dagane framover truleg bli fleire som får testa seg.

— Me har fått klarsignal til å auka testinga på dei som er i risikogruppa og over 65 år, og som har symptom på luftvegssjukdom. Det er også komme ei presisering om at dei ein veit har vore i kontakt med personar som er smitta, også kan få teke testen, seier Frøydis Gullbrå, kommuneoverlege i Modalen.