Brannmannskap rykte ut til ulukka i Beitlatunnelen fredag. Foto: Esben Hesjedal

Trafikkulukke i Beitlatunnelen

Ein bil køyrde fredag i fjellveggen inne i Beitlatunnelen på E16 mellom Dale og Dalegarden. Førar og passasjer vart tekne hand om av helsepersonell.

Det er operasjonsleiar Morten Rebnord ved politiet sin operasjonssentral som like etter hendinga kunne fortelja dette til VP.

Singelulukke

Ulukka, som skjedde litt over klokka 12, var ei såkalla singelulukke der altså ingen andre bilar var innblanda.

Tunnelen var stengt ein kort periode. Klokka 12.30 gjekk trafikken igjen på E16 forbi Dale.

— Ikkje alvorleg

Brannkoordinator i Vaksdal Brannvern, Brede Tjønneland, opplyser at brannmannskap både frå Dale og Vaksdal rykte ut då alarmen gjekk.

— Då me kom fram var både ambulanse, og ein sivil politibil som tilfeldig var i nærleiken, komme til. Dette var heldigvis ikkje ei alvorleg ulukke, begge dei to involverte framstod som uskadde og vart sende til legesjekk, fortel Tjønneland.

Det var berre mindre skader på bilen, som vart henta av ein bergingsbil.

— Det var berre snakk om skraping på ein skjerm, og ei lykt som var øydelagt. Bilen har ikkje køyrd rett i fjellveggen, slik dei første meldingane kunne tyda på. Det har vore kontakt med fjellveggen, men bilen har nok berre skrapa inntil tunnelveggen, seier Tjønneland.