UHELL: Ein bil var nedom i grøfta, men bortsett frå på eit hjul vart det ikkje særleg skade på bilen. Foto: Vaksdal brannvern

Biluhell på E16

Politiet melde måndag føremiddag at ein bil hadde køyrt i fjellveggen på E16 i Vaksdal. To personar kom uskadde frå hendinga. E16 kunne opnast igjen nokså raskt.

Naudetatane rykte ut til ei trafikkulukke som vart meldt klokka 11.05 måndag.

— Det skal vera to personar i bilen. Det er opplyst at begge personane tilsynelatande er uskadde, opplyste politiet.

Det viste seg at hendinga ikkje var så dramatisk som dei første meldingane tydde på.

Brannkoordinator i Vaksdal, Brede Tjønneland, opplyser at det var små skader på den involverte bilen.

— Bilen har komme frå Bergen, og i svingen frå Skreien og ned mot Fossmark, har han vore nedom i grøfta. Eit hjul fekk skade, elles gjekk dette veldig fint, seier Tjønneland.

E16 var berre stengt ein kortare periode, før trafikken kunne dirigerast forbi.

Politiet sin operasjonssentral opplyste til VP klokka 11.30 at E16 var open igjen.

UTRYKKING: Brannmannskap rykte ut i snøvêret måndag.