BILBRANN: Vaksdal brannvern har rykt ut til ein bilbrann på Vaksdal. (Arkivfoto)

Bilbrann på Vaksdal

Det er meldt om brann i ein personbil på Vaksdal

Klokka 17.05 vart det meldt om brann/røykutvikling i ein personbil på Vaksdal.

— Bilen stod på ein parkeringsplass på Vaksdal. Vaksdal Brannvern kom raskt til staden og brannen er no sløkt. Også politiet er på staden no. Det skal ikkje vera personskadar i samband med hendinga, fortel operasjonsleiar Terje Magnussen ved politiet sin operasjonssentral.