Valfunksjonærane Svein-Ove Hesjedal og Marie Brit Bjerke (t.v.) ser til at stemmesetlane til Berit og Kjell Boge hamnar i valurnene.
Valfunksjonærane Svein-Ove Hesjedal og Marie Brit Bjerke (t.v.) ser til at stemmesetlane til Berit og Kjell Boge hamnar i valurnene. Foto: Esben Hesjedal

Bra med folk i røystelokala

I bedehuset på Dale strøymde veljarar til for å gjera borgarplikta si måndag ettermiddag.

Valfunksjonær Olaug Fagerbakke fortalde 17-tida om bra tilsig av folk.

– Inntrykket er at det har vore bra med folk her for å stemma. Sjølvsagt kan det ha noko å seia at det er færre røystelokale i kommunen denne gongen. Spesielt kjekt synest eg det er at det verkar å vera mange unge veljarar som kjem, gjerne saman med foreldra, fortalde Fagerbakke.

Første gongen

Ein av førstegongsveljarane som var på plass i bedehuset for å stemma, var Ingeborg Skage Gullbrå. 19-åringen meiner det er viktig å bruka stemmeretten.

– Ja, eg var sikker på at eg ville stemma og har følgt litt med på valkampen for å finna rett parti for meg. Dersom ein ikkje stemmer, så kan ein ikkje komma etterpå å klaga, meinte Gullbrå.

– Lite å spela seg med

Berit og Kjell Boge var mellom dei som var på plass for å nytta stemmeretten sin då VP var innom.

Ingeborg Skage Gullbrå røysta for første gong i bedehuset på Dale.
Ingeborg Skage Gullbrå røysta for første gong i bedehuset på Dale. Foto: Esben Hesjedal

– Eg har eit parti som eg har vore tru mot dei siste vala, og det vart dette partiet denne gongen også, smilte Kjell lurt.

Valkampen synest han har vore prega av krangling, iallfall den rikspolitiske ein har kunna følgt i TV-ruta.

– Debattane på fjernsyn har stort sett vore krangling og lite interessante. Her lokalt har eg følgt litt med gjennom VP. Eg tru vel ikkje det vert så stor skilnad uansett kven som vinn valet her hjå oss og skal styra i kommunen. Inntrykket eg sit med er at mesteparten av pengane er bundne opp til slikt som eldreomsorg og skule. Lokalpolitikarane har nok relativt lite frie pengar å «spela seg med», meinte Boge.

I og med at skulen på Dale ikkje kunne brukast, er det bedehuset som er røystelokale denne gongen. I tillegg er det røysting i grendahuset på Eidsland og i Vaksdal samfunnshus.

eh@vp.no