Fredag ettermiddag rykte mannskap frå Modalen brannvern ut til Øvre Helland.
Fredag ettermiddag rykte mannskap frå Modalen brannvern ut til Øvre Helland. Foto: Egil Blomsø

Brann i Modalen kan vera påsett

Fredag ettermiddag var det brann i ei utløe ute i terrenget på Øvre Helland.

– Det vart først meldt inn om røyk og brann i terrenget, og brannmannskap rykte ut. Det viste seg å vera brann i ei lita utløe på kring 3 x 3 meter, fortel Per Algerøy ved politiet sin operasjonssentral.

Brannen vart meldt i 17.30-tida. Brannmannskap frå Modalen måtte gå kring 20 minutt opp Seljestigen for å ta seg fram til brannstaden. Der fekk dei sløkt brannen før løa brann ned.

– Dette var eit frittståande bygg, og det brann inne i løa. Brannvesenet meinte dette kunne vera påsett, og ei politipatrulje vart sendt til staden. Politiet har oppretta sak på hendinga, og vil etterforska det som har skjedd, seier operasjonsleiar Algerøy.

eh@vp.no