Det brann kraftig i bustaden i Fabrikkvegen.

Brann på Dale

Måndag kveld stod ein fleirmannsbustad på Dale i brann. Ingen kom fysisk til skade i brannen.

– Røykdykkarar har føreteke eit grovsøk i bustaden, og det er ikkje funne folk. Ein skal føreta eit meir finsøk, men lite tyder på at det er folk som har komme til skade. Dei to som var i huset då brannen starta kom seg greitt ut og har det bra, sa politibetjent Jostein Pedersen på staden til VP klokka 21.35.

Seinare vart det stadfesta at ingen kom fysisik til skade i brannen.

Ambulanse, brannmannskap og politi rykte ut og jobba på staden. Brannen vart sløkt, men etter ei tid blussa flammane opp igjen i taket. Brannvernet fekk så kontroll på situasjonen igjen.

Brannen oppstod i ei av leilegheitene i huset, som er kommunal.

Bustaden ligg like ved Dale of Norway