annonse

Branntilløp på Helsehuset

UTRYKKING
UTRYKKING: Onsdag føremiddag var det utrykking til Helsehuset på Dale, då det vart meldt om branntilløp. Politiet granskar hendinga. (Foto: Magne Solhaug)

Onsdag føremiddag vart naudetatane varsla etter eit branntilløp på eit pasientrom på Helsehuset på Dale. Ingen skal vera komme alvorleg til skade i hendinga.

Brede Tjønneland i det lokale brannvernet opplyser at brannen var sløkt då brannmannskapa kom fram.

– Dei tilsette på omsorgssenteret hadde gjort alt rett, og fortener ros for måten dei handterte situasjonen på. Takka vera dei gjekk dette heilt fint, seier Tjønneland.

Han opplyser at det vesle som var av røyk på pasientrommet vart lufta ut. Hendinga vart meldt klokka 10.35.

Politiet er på staden og skal granska kva som er årsaka til hendinga.

Politibetjent Heidi Johansen stadfestar det Tjønneland seier.

– Dette var ei heilt udramatisk hending, som folka på omsorgssenteret sjølv ordna opp i, seier Johansen, som ikkje kan seia noko meir om brannårsaka.

Men ho stadfesta at det var snakk om opne flammar, og då er det rutine for at politiet også skal varslast.

Kommunalsjef Solrunn Hauglum opplyser at dei tilsette følgde rutinane for slike hendingar.

– Slik eg har fått det fortalt vart dette handtert veldig raskt og effektivt. Ein bebuar har fått tilsyn av helsepersonell etter hendinga, men det skal ikkje vera snakk om noko alvorleg skade, seier Hauglum.

Klikk for å se kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då vert det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, trugslar, hatske meldingar eller reklame vert ikkje akseptert på vaksdalposten.no. Falske profilar vert utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.