Mannskap frå Vaksdal brannvern på plass i Dalseidvegen. Foto: Esben Hesjedal

Brannutvikling i bustad på Dale

Politiet melder tysdag litt før klokka 17.30 om brannutvikling i ein bustad i Dalseidvegen på Dale. Vaksdal brannvern fekk etter kort tid kontroll over brannen, som starta i ein tørketrommel.

Brannkoordinator i Vaksdal brannvern, Brede Tjønneland, fortel at dei som budde i huset kom seg ut uskadde.

– No driv me og sjekkar om det er varmgang i tak eller veggar i huset, men situasjonen er under kontroll. Heldigvis så gjekk dette bra, fortel Tjønneland til VP.

Mannskap frå brannstasjonen på Dale kom raskt til staden. Det vart også rykt ut frå brannstasjonen på Vaksdal og frå Arna. Politi og ambulanse kom også raskt til staden.