ENGASJERT: Anne Lise Leiren Mastervik snakka engasjert om laksefisket. Her sit ho der fiskarane før sat og kikka ned i fjorden. Til venstre står pinnen ein slo på når det kom laks i nota nedanfor.

Bygdasjarm på laksegilja

Anne Lise Leiren Mastervik har starta opp med omvisingsturar på laksegilja på Vikaberget, like ved Stamnes skule. Verksemda hennar ber namnet Bygdasjarm AS.

VP fekk vera med på den første offisielle omvisinga. Oppmøtestad var ved skulen på Stamnes, der Anne Lise ønskte velkommen og serverte bjørkesevje.

— Eg er oppvaksen i Stamnes, og har alltid vore fascinert av laksefisket frå giljene, kulturen og det tolmodet som fiskarane hadde. Denne unike fiskemetoden, ja, heile kulturen rundt dette har eg lyst til å formidla, smilte omvisaren til det vesle følgjet av interesserte.

Ikkje masseturisme

Og eit sentralt poeng er at det aldri kan verta noko masseturisme av dette. Til det er det både fysiske avgrensingar, då laksegilja er lita, og det er heller ikkje ønskjeleg.

— Eg har ikkje heilt landa på noko maksimaltal, men tenkjer vel at ein ikkje bør vera fleire enn åtte personar i kvart følgje. Ein ting er at det knapt er plass til meir folk i og rundt gilja, men det handlar også om dynamikken i gruppa. Det skal vera rom for spørsmål og samtalar rundt det som skjedde på gilja og tradisjonane laksefisket i Stamnes har, seier Leiren Mastervik.

På GILJA: Anne Lise Leiren fortel om livet på gilja til Ralph von Minden og Elisabet Kolbrun Hansen.

Særeigen fangstmetode

Etter ein liten spasertur langs den smale fylkesvegen, kjem ein fram til gilja som ligg på ei fjellhylle like nedom vegen. I ei lita hytte sat fiskarane og kikka ned i sjøen, der ei not og eit sinnrikt system med tau, steinar og streng var laga til. Når fiskarane såg laksar på veg inn i nota, drog dei i ein spake, kalla «dragepidn», som gjorde at nota vart stengt og fisken vart lukka inne i eit slags basseng. Så var det å springa ned bratte stigar til sjøen, der ein tørka nota og tok hand om fisken.

— Ei ny verd

Med på omvisinga var Ralph von Minden frå Bergen.

— Dette er noko heilt nytt for meg, eg visste ingenting om dette fisket frå før. Dette er som ei ny verd opnar seg, smilte von Minden.

Anne Lise fortalde så om korleis laksefiskarane sat heile dagane og kikka ned i sjøen for å få auge på den blanke laksen, om polaroidbrillene ein måtte ha for å sjå betre, korleis tau- og notsystemet fungerte og ispedd nokre artige historier om den gongen då laksefisket var knytt til spenning, forventningar og litt lyging om fangst, eller ikkje fangst, for den saks skuld.

Restaurering

BRATT: Smale og bratte stigar på laksegilja på Vikaberget.

Frå Bergen hadde Elisabet Kolbrun Hansen også tatt turen til denne første omvisinga.

— Eg har litt høgdeskrekk, så eg var veldig spent då eg forstod kva eg skulle vera med på. Men det går heilt fint. Dette var veldig interessant, syntest Kolbrun Hansen.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg til å besøkja hytta, som ligg kring 20 meter over Vikafjorden, inviterer Anne Lise også til å gå ned dei bratte og smale stigane til nothuset nede ved fjorden.

— Me har restaurert stigane, gjerde og det som var dårleg, slik at dette er heilt trygt. Men litt sug i magen, både når ein kikkar utfor oppe og når ein går ned stigane, det kan nok enkelte ha, smiler Anne Lise.

Ein smak av laks

På programmet står også ein smak av produkta til Leiren Laks, som far til Anne Lise, Hallstein, lagar. Det er også mogleg å kjøpa produkt frå Leiren Laks etter omvisinga.

— Årets sommar vert jo spesiell, og mange vil feriera i heimlandet og i nærområdet sitt. Eg håpar på godt besøk framover, og trur nok det er mange innbyggjarar i Vaksdal kommune som ikkje har vore på ei laksegilje før og som kan ha glede av det, seier Anne Lise Leiren Mastervik.

Tilskot til utvikling

NOTHUSET: Under omvisinga kan ein også få sjå nothuset nede ved fjorden. Her Oliver Gravermoen i prat med Anne Lise Leiren Mastervik.

Det er elles skipa ein lokal organisasjon som heiter Laksagiljo. Her er grunneigarar og entusiastar samla, og målet er å ta vare både på laksegiljene og kunnskapen om fangstmetoden.

Oliver Gravermoen som jobbar i eining for samfunnsutvikling i Vaksdal kommune, var også med på omvisinga.

— Laksegiljene i Stamnes er jo kulturminne av nasjonal verdi, og kommunen har bidrege med å gje råd i prosessen og hjelp til søknader om støtte. Organisasjonen Laksagiljo har på vegner av grunneigarane søkt om tilskotsmidlar, og grunneigarane har fått 140.000 kroner i tilskot frå fylkeskommunen. I tillegg er det løyvd 43.200 kroner i SMIL-midlar gjennom kommunen. Midlane har gått til restaurering og planleggingsarbeid av korleis ein kan betre ta vare på giljer og kulturen rund dette fisket. Eg synest opplegget her som Anne Lise og Bygdasjarm legg opp til er veldig spennande, sa Gravermoen.

Kan skapa LivOgLyst

Nieves Tur frå LivOGLyst-prosjektet i Stamnes var også med. Arbeidet med å ta vare på og utvikla turisme rundt laksegiljene, er noko ho er svært positiv til.

— LivOGLyst-prosjektet har gjeve litt oppstartsmidlar til organisasjonen Laksagiljo, og me ønskjer jo å hjelpa fram alle gode tiltak som kan vera med å skapa god utvikling i bygda vår. Omvisinga her på Vikaberget syntest eg var svært interessant.