Baljelauget skal ha familiekonsert på Bergsdalstunet på laurdag.
Baljelauget skal ha familiekonsert på Bergsdalstunet på laurdag. Foto: Baljelauget.com

Countryfestival med program i Bergsdalen

Den intellektuelle countryfestivalen blir arrangert for første gonga på Voss i helga. Som ein del av festivalen vert det tur og kulturelt program i Bergsdalen laurdag.

– Eg synest det er heilt fantastisk å kunne kombinera natur og kultur. Det blir både noko for kropp og sjel og er midt i blinken for Bergsdalen, seier Elizabeth Gjessing, turleiar i Vaksdal Turlag.

Festivalprogrammet på laurdag er lagt til Bergsdalen. Først blir det tur, og deretter konsert og servering på Bergsdalstunet.

– Det er ein tur med to ulike trasear. Den eine er kort og den andre litt lengre, fortel Gjessing.

Start på Lid

Turane startar samla frå skulen på Lid og følgjer den gamle vegen i Bergsdalen til den fråflytta garden Solbjørg.

– Der vil det vera ein matpause og det er mogeleg det blir eit kulturelt innslag, fortel Gjessing.

Frå Solbjørg kan ein velja mellom to ulike trasear tilbake til Bergsdalstunet. Den eine er relativt kort og går ikkje så høgt i terrenget. Den andre følgjer Bergsskaret oppover til Brunane før den svingar ned att mot Lid.

– For oss som eit nystarta turlag er det veldig kjekt å kunne samarbeida med Den intellektuelle countryfestivalen og få lov til å vera med på det, seier Gjessing.

To konsertar

Når turgåarane er tilbake blir det servering og familiekonsert med bandet Baljelauget på Bergsdalstunet.

– Me håpar det kjem folk som vil gå tur, eta litt og høyra på god musikk. Det blir servering av skillingsbollar og middag, seier Helge Terje Fosse, eigar av Bergsdalstunet.

Etterpå vert det konsert i kyrkja på Lid, der saksofonisten Trygve Seim med band vil framføra Rumi Songs. Låtane byr på tekstar av den persiske mellomalderpoeten Rumi.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Konserten i kyrkja vert i ein annan sjangar enn den på Bergsdalstunet. Det er sjeldan me har to konsertar i Bergsdalen på same dag. Eg håpar folk nyttar høvet til å få med seg mest mogeleg, oppfordrar Fosse.

Festivaldebut

Det er første gang den intellektuelle countryfestivalen vert arrangert på Voss. Festivalmakar Lars Mossefinn fortel at festivalen har vore ein idé som har vore sysla med i mange år.

– Sjølv om det er ein countryfestival og det meste er innanfor sjangeren, ville me ikkje ha ein for snever festival. Programmet i Bergsdalen er til dømes ikkje direkte country.

– Kva er årsaka til at de har lagt program til Bergsdalen?

– Eg synest programmet der sett ein ekstra spiss på det heile. Eg har tidlegare samarbeida med Bergsdalstunet og har arrangert konsert i kyrkja på Lid, så eg kjenner området og det vart eit naturleg val. Bergsdalen er ein idyll av ei anna verd, kyrkja er flott og det er hyggjelege folk på Bergsdalstunet.

Mossefinn seier dei er stolte av programmet i Bergsdalen.

– Det er ikkje noko anna program den tida det går føre seg, så me håpar at mange tek turen, seier han.

knt@vp.no