Dale skule — ikkje rett stad for ungdomsklubben

Ungdomsklubben på Dale er tenkt som ein av mange som skal dela på lokale i den nye skulen på Dale. Fleire politikarar tek til orde for at ungdomsklubben bør få eigne, faste lokale.

Fleire av lokalpolitikarane er ikkje fornøgde med rådmannen i Vaksdal sine planar om å tilby Dale ungdomsklubb lokale i den nye skulen på Dale.

Både Boris Groth (Frp), Thor Andersen (Ap) og Arne Normann (KrF) ytra seg då dette vart referert i siste kommunestyremøtet.

— Eg er ikkje fornøgd med det svaret, me må snarast få opp ei sak om dette. Målet må vera kjapt no å finna eit fast klubblokale til ungdommane, sa Groth.

Andersen meinte at klubben bør få bruka Dalehallen/Dalekjellaren til ein hadde funne ein ny fast plass til klubben, noko som Normann var einig i.

— Å flytta rundt slik ein no legg opp til, er ikkje bra, meinte han.