Dalseidtunnelen var tysdag morgon stengt ein kort periode. Biletet er frå eit ras for fleire år sidan. (Arkivfoto)

Dalseidtunnelen er opna igjen

E16 er opna igjen, etter at Dalseidtunnelen var stengt ein periode tysdag morgon.

Dalseidtunnelen er open for trafikk igjen, etter å ha vore stengt ein kort periode like før klokka 09.30.

– Dalseidtunnelen på E16 i Vaksdal kommune er stengt på grunn av ein større stein i vegbana. Entreprenør er varsla. Det er uvisst når tunnelen vil opna igjen, melde Vegtrafikksentralen, før det altså kort tid etterpå vart meldt om at E16 var opna igjen.