ID: Festpynta deltakarar på Id-festen utanfor Turbinen. (Privat bilete)

Den første Id-festen på Dale

Den muslimske fastemånaden ramadan er over. Lokalt vart dette markert med Id-fest på Dale.

Id eller id al-fitr er arabisk og tyder «festen som bryt fasta». Mange hadde møtte fram for å feira denne store muslimske høgtidsdagen. Grunna koronareglane så fann ein det tryggast å leggja festen utandørs, til parkeringsplassen ved Turbinen. Heldigvis så var vêret bra.

Festen

— Me hadde det så triveleg, me kosa oss i fleire timar med leik og moro, god mat, is, brus og sjokolade, fortel Laila Abu Qatma, som var ein av dei som arrangerte festen.

Ho ler — og fortel at ingen ville gå heim att når festen var over.

ID-FEST MED KORONAAVSTAND: Nokre av dei som var med på festen. Frå venstre Laila Abu Qatma, ordførar Hege Eide Vik, Fatima Baajour, Amani Karkoura og Suad Yasin. (Privat bilete)

Viktig for fellesskapen

— Det betyr mykje for fellesskapen at me kan komma saman på dette viset og feira. For muslimane er dette ei viktig og stor markering. Me feirar id fordi at me er glade og stolte over at no er fastetida over, fortel Laila.

Ho er også svært glad for at ordførar Hege Eide Vik kom på festbesøk på muslimane sin store dag.

— Det at politikarane våre bryr seg slik Hege gjer, nett slik som tidlegare ordførar Eirik Haga også gjorde, set me stor pris på, seier Laila.

Første id-festen i Vaksdal kommune

Dette var første id-festen som er arrangert i Vaksdal kommune. Det fortel Mahmoud Mohammed Omer på Dale, som også var sentral i arrangementet ved Turbinen.

— Det var veldig fint at me fekk til dette her i Vaksdal kommune. Tidlegare har me samlast i Bergen til denne feiringa. Det er betre, spesielt for borna, at me kan ha det her i kommunen. Me håpar på fleire lokale id-festar, seier Mahmoud.

Dette var den såkalla lille-id. Store-id feirar muslimane om vel to månader, det har tradisjonar mellom anna knytt opp mot pilegrimsreisa til Mekka.

— Store-id er seinare i sommar. Me håpar, kanskje, å kunna feira denne også her i kommunen, seier Mahmoud.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette er muslimane sin Id

Ifølgje Store norske leksikon, så er det dette Id handlar om: - Id, fest, feiring, religiøs høgtid. Dette er to årlege store høgtider som vert feira over heile den muslimske verda. Den eine er id al-fitr-festen (vesle id) ved avslutninga av fastemånaden ramadan. Den andre er offerfesten id al-adha (store-id).